Close

Kull 19 er i gang!

Ingeliv Aadland, Knut Tjørstad, Krisoffer Refsnes, Ingunn Osland (leiar) Kjell Ove Nordeide (faglærar) Amalie Røstbø, Ivar Bruvik Sætre (faglærar) og Vilde Molven. Foto: Bent Are Iversen

Del innlegg

Måndag hadde Knut Tjørstad, Vilde Molven, Amalie Røstbø, Ingeliv Aadland og Kirstoffer Refsnes sin første arbeidsdag i Nynorsk avissenter i Førde.

– Veldig godt å vere i gang. Og flott å møte dei fem nye praktikantane. Vi føler allereie at vi er blitt kjende med dei, og gler oss veldig til å vere med å hjelpe dei fram til å bli journalistar. Det skal vi bruke fire månader på, og desse månadane ser vi fram til, seier dagleg leiar i Nynorsk avissenter, Ingunn Osland.

Første veka er det eit tettpakka program, som inneheld mange kurs, men også sosiale aktivitetar.

– Praktikantane vil også starte skriving allereie denne veka. Og i løpet av eit par veker vil nok Firda sine lesarar ha oppdaga bylinen deira i avisa, seier Osland.

Praktikantane er tilsette i Nynorsk avissenter til 28. februar neste år. Fram til jul vil dei vere i Førde, og det dei skriv blir publisert i Firda. I januar og februar vil dei vere i praksis i ei sjølvvald nynorskskrivande avis.