Close

Dette var moro!

Tidlegare praktikantar frå Nynorsk avissenter på treff i Bergen. Nokon kom, og nokon gjekk. Dette bildet viser mange av dei som var der. Bak frå venstre: Pernille Grøsvik, Ingunn Gjerde, Synne Hammervold, Janne Merete Bøyum, Elsa Di Valerio, Hallgeir Berge, Solveig Høegh-Khron, Erlend Kristiansen, Karen Anna Kleppe og Eirin Eriksen Horvei. Framme: Ingunn Osland, Vetle Nordgård Mikkelsen og Kjell Ove Nordeide.

Del innlegg

Torsdag 9. juni møttest rundt 20 tidlegare nynorskpraktikantar i Bergen. Her er nokre av dei.

– Dette var kjekt. Så moro å møte igjen så mange, og så kjekt å høyre kva alle driv med no. At praktikantane fann kvarandre og hadde mykje å snakke om sjølv om mange aldri hadde møtt kvarandre før var flott å oppleve, seier dagleg leiar Ingunn Osland.

Jubileum neste år

No håpar ho at sjølv om det var første gongen mange av dei møtte kvarandre, så vert det ikkje siste.

– No har vi hatt to treff. Eitt i Oslo og eitt i Bergen. Vi kan dessverre ikkje reise over alt der det er praktikantar, men om alt går etter planen vil vi prøve å samle all til ei jubileumsfeiring i 2023. Då rundar Nynorsk avissenter 10 år, og nesten 100 praktikantar har lært seg journalistikk og nynorsk, seier Osland.

Samlinga i Bergen var på Kulturhuset i sentrum. Nokre av dei som kom er framleis i praksis, andre har jobba i mange år som journalistar, kommunikasjonsrådgjevarar og andre som brukar utdanninga til å fremje nynorsk.

Alumne

– Det er ikkje slik at vi har gløymt dei praktikantane som ikkje bur i Bergen eller Oslo. I løpet av sommaren og hausten vil eg prøve å få kontakt med alle, og få alle inn i ei gruppe, ei slags alumne-gruppe, seier Ingunn Osland.

Ho trur at praktikantane kan ha nytte av kvarandre, både fagleg og sosialt.

For ho er det viktig at dette er lågterskel, og noko som er både moro og interessant.

– Når ein ny praktikant kjem til Oslo, Bergen, Stavanger eller heilt andre stader er det fint om det er eit nettverk ein kan vende seg til. Både sosialt og fagleg, seier Osland.