Amalie Røstbø, Ingeliv Aadland, Kristoffer Refsnes, Knut Tjørstad og Vilde Molven er klare for Nynorsk avissenter. Det var hard konkurranse om plassane denne gongen, og desse fem er dei heldige som kom gjennom nålauget.
Måndag 22. august er dei på plass til første arbeidsdag i Førde. Så ventar fire intense månader med opplæring, fram til jul. Over nyttår skal dei i journalistisk praksis i andre nynorskskrivande redaksjonar. Eit halvt år etter oppstarten, i mars 2023 er dei klare for jobbmarknaden.
Då søknadsfristen var ute, låg det 15 søknader klare. Det var godt kvalifiserte søkarar, og no har altså fem av dei fått plass hos oss. Det er flest vestlendingar, men ein nordmøring er også med. På vegen mot Førde og Nynorsk avissenter har dei fem teke ulike vegar, både fagleg, og geografisk. Ingeliv kjem frå Samnanger, via Libanon, Jordan og Argentina. Knut kjem via studiar i statsvitskap og litteratur, og jobb på universitet. Vilde er museolog, og har reist i Distrikts-Norge for å samle kunnskap. Jærbuen Kristoffer kjem via Tyskland, og Amalie via Oslo og Bergen
Amalie Røstbø (1998) frå Kvinnherad
Amalie kjem frå Uskedal, ei lita bygd i Kvinnherad Kommune. Ho har lagt bak seg eit år ved Universitetet i Oslo og snart fire år ved Universitetet i Bergen. Ho har ei bachelorgrad i litteraturvitskap og held på med ei bachelorgrad til i kunsthistorie. – No tek eg meg eit halvår fri frå universitetet og Bergen for å bli journalist. Smaken på journalistikken har eg fått gjennom arbeid som kulturjournalist i Studvest, studentavisa i Bergen. Her har eg trivst svært godt. Det var også her eg vart gjort merksam på Nynorsk avissenter, seier Amalie.
Ho har alltid hatt stor glede av nynorsk, og då ho flytta frå bygda til Oslo etter vidaregåande vaks den verkeleg fram. – No ser eg fram til å reise til Førde og lære meg alt eg kan for å bli ein god nynorskjournalist.
Ingeliv Aadland (1996) frå Samnanger
Ingeliv er 26 år gammal og oppvaksen på ein gard i Samnanger utanfor Bergen. Dei siste åra har ho budd i Libanon der ho studerte psykologi og filosofi ved det amerikanske universitetet i Beirut. Ho har også vore på fleire lengre reiser, og har blant anna grave etter vatn i ein ørken i Jordan. Utan å finne det. Ho har også besøkt ei paleontologisk utgraving i Argentina, utan å finne ein einaste fossil. Elles har ho jobba på kro, som bartender, i ein barnehage og på ein ungdomsskule. Ho har trivest i alle dei jobbane, men no er ho klar for å gjere det ho eigentleg har lyst til – å skrive. – Eg har ei mor frå Sunnfjord og gler meg til å få bruke meir tid der, og samtidig få lære meir om alt som skjer i Sogn og Fjordane. Ikkje minst gler eg meg til å få skrive på nynorsk igjen etter mange år der eg først og fremst har skrive på engelsk.
Kristoffer Refsnes (1997) frå Kvernaland
Kristoffer er ein 25 år gammal jærbu frå Kvernaland. For tida held han på å fullføre mastergrad i historie og historiedidaktikk samstundes som han jobbar deltid som lærar. Frå før har han bachelorgrad i historie, årsstudium i religion, kultur og samfunn. Han har også vore eit halvt år på utveksling i Tyskland, der han studerte kultur
Sjølv om han kjem frå Kvernaland, som ligg i ein nynorskkommune, hamna han i skulens einaste bokmålsklasse. – Mot min vilje sjølvsagt, seier Kristoffer.
Han trur eit halvt år som nynorskpraktikant vil gje han ei glimrande moglegheit til å bevege seg i retning draumekarrieren, samstundes som han får eit djupdykk i nynorsk som kan gjere opp for bokmålsskuleringa. – Ein raud tråd gjennom utdanninga mi er at det er stort rom for å blande nysgjerrigheit, kreativitet og skriving. Difor har eg lenge sett føre meg ein karriere der eg kan leve av denne blandinga.
Knut Marius Tjørstad (1990) frå Halsa
Knut kjem frå den ikkje lenger eksisterande kommunen Halsa, lengst nord på Nordmøre, men har budd i Trondheim sidan studietida. Når det kjem til nynorsken, så er han litt rusten, seier han sjølv. Han starta skulegangen som nynorskskrivar, og vil gjerne tilbake dit.
Knut har ein master i statsvitskap frå NTNU, og dessutan ein bachelor i litteraturvitskap. Han har også jobba i universitetssektoren. Han har også skrive, mellom anna som redaksjonsmedlem og redaktør i litteraturtidsskriftet Beijing Trondheim. Heile tida har skrivelysta og tanken på å arbeide som journalist lagt og gnege i bakhovudet, saman med eit ønske om ein annleis arbeidskvardag. – Derfor passar det perfekt med ei praktikantstilling hos Nynorsk avissenter, seier Knut.
Vilde Ferah Molven (1991) frå Bergen
Vilde har bachelor i sosiologi og master i museologi og kulturarvsstudiar. Ho er fødd og oppvaksen i Bergen, men dei to siste åra har ho budd i Trøndelag, der ho har arbeidd på museum. Ein del av jobben har vore å reise rundt i distrikta får å intervjue folk om deira forhold til musikk. Og det er nettopp det – å reise rundt og samle inn forteljingar frå folk sine liv, har vore hennar store, om enn litt vage, draum. Ho seier at det gjennom åra har det blitt meir og meir klart at det er innan journalistikken ho ønsker å jobbe. Elles er ho veldig glad i litteratur, og skal gå forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø nokre helgar, samstundes som ho er praktikant i Førde. – Det kjennast verkeleg som eg står framfør mitt absolutte draumeår. Eg har familie frå både Hardanger og Sunnfjord, så eg er vaksen opp med nynorsk rundt meg. No skal det bli mitt skriftspråk også. Eg gler meg til å bidra til vidareføringa av nynorsken, seier Vilde.