Close

Klare for ekstern praksis

Desse fem praktikantane har utgjort kull 18 i Nynorsk avissenter. Frå 2. mai startar dei i praksis i Klassekampen, Porten, BT, TV2 og Stavanger Aftenblad. Bak frå venstre: Kenneth Sandvik Sjøvold, Tobias Bratvold Lucey og Tore Kjetland Fjeldsbø. Framme: Eirin Eriksen Horvei og Elsa Di Valerio.

Del innlegg

Etter fire månader i Førde er Kenneth, Tobias, Tore, Eirin og Elsa klare for ekstern praksis. Vi ønsker all mogleg lykke til.

Fredag 29. april var siste dag på Nynorsk avissenter i Førde. No reiser dei vidare til praksis i Oslo, Bergen, Stavanger og Årdal.

– Det er litt vemodig, litt trist, litt kjensle av oppbrot, men også litt flott. Flott at dei etter fire månader med opplæring er klare for å vere nynorskskrivande journalistar. Trist og vemodig fordi vi er blitt så glade i dei, seier dagleg leiar Ingunn Osland.

I dei fire månadane dei har vore praktikantar ved Nynorsk avissenter har dei levert saker til Firda. Dei har skrive om det meste. Frå utdanning, ferjeturar, kraftstasjonar, vevkurs og dårlege vegar, til bønder og hekser.

Nyhenderedaktør i Firda, Øystein Silde Frønsdal, som sjølv var nynorskpraktikant for litt over eitt år sidan, takka dei fem for innsatsen dei har gjort for Firda.

– De har levert mange flotte saker til Firda. Og de har vore eit positivt innslag i redaksjonen på alle måtar, sa Frønsdal til praktikantane under ein avslutningslunsj i Firda.

Her skal dei i praksis:

Kenneth Sandvik Sjøvold: Klassekampen

Tobias Bratvold Lucey: Porten

Tore Andre Kjetland Fjeldsbø: Bergens Tidende

Eirin Eriksen Horvei: TV2

Elsa Marie Di Valerio: Stavanger Aftenblad