Close

Marte valde å gå tilbake til fast jobb – så tok journalisten overhand

Marte Husabø jobbar no i Framtida i Oslo.

Del innlegg

Marte Husabø (30) var praktikant i Nynorsk avissenter våren 2019. Etter ekstern praksis i Firda fekk ho sommarjobb i same avis. Men bustad og fast jobb lokka henne tilbake til Bergen og ut av journalistikken. Ei lita stund i alle fall.

– Det var trygt og godt akkurat då. Og i etterkant ser eg at det fekk meg til å bestemme meg for å gå tilbake til journalistikken. Denne gongen for godt, seier Marte Husabø.

Ho hadde permisjon frå fast jobb som kundekonsulent i TV2 då ho i januar 2019 vart tatt opp i kull 12 i Nynorsk avissenter.

– Eg valde å gå tilbake til jobben i Bergen. Men det gjekk ikkje så mange månader før det vart litt rart. Plutseleg sat eg på heimekontor. Eg valde då å vere mykje heime i Sogn. Då fekk eg tid til å tenke, seier Marte.

Framtida

Heimekontortida frå mars 2020 og utover vart for Marte sin del redda då foreldra fekk seg hund.

– Det var noko å vere oppteken av. Ikkje det, jobben var grei. Men det var noko som mangla. Eg kjende at eg sakna journalistikken, seier Marte.

Ho begynte å sjå seg om etter journalistjobb. Og ho fann ein ho hadde lyst på, og som ho også fekk – i nynorskavisa Framtida Junior i Oslo.

– Eg starta i den jobben i november 2020. Hovudfokuset vårt er nettsida til Framtida Junior, men ein gong i månaden har vi også papiravis der vi går inn på ulike tema. Målgruppa er barn mellom 7 og 14, og målet er å skape engasjement rundt det som skjer i barns liv. Og så å fremje nynorsk, sjølvsagt. Det er ein viktig del av jobben.

Å skrive nynorsk er sjølvsagt for Marte. Ho meiner det er eit mykje meir skildrande språk enn bokmål, og at det dermed når fram til lesarane. Og det kjem frå hjartet.

Blir verande i journalistikken

Marte er ikkje i tvil om at ho kjem til å bli i journalistikken. Og ho er heller ikkje i tvil om at grunnen til det er Nynorsk avissenter.

– Vegen min til journalistikken har vore kronglete. Eg hadde eigentleg lyst til å studere journalistikk, men så vart det medievitskap i staden. Halvåret på Nynorsk avissenter har peika ut vegen for meg, seier ho.

Ho seier opplegget der var hektisk, men givande. Og at ho vart nøydd til å kaste seg ut i det, til å gjere det ho eigentleg hadde lyst til, men likevel reserverte seg litt mot. Å komme seg ut og snakke med folk. Bruke nysgjerrigheita si.

– Eg kjenner no at journalistikken passar meg veldig godt. Tida i Førde var det eg trong for å bli journalist, både fagleg og kjenslemessig. At folk der, både i Firda og Nynorsk avissenter, tok så godt imot oss, var avgjerande. Eg er kanskje ikkje den journalisten som har dei spissaste olbogane, men eg føler at eg likevel har mykje å gje, seier Marte.