Close

I mars 2021 var Øystein ferdig på Nynorsk avissenter. Eitt år etter vart han tilsett som nyheitssjef i Firda

Øystein Silde Frønsdal

Del innlegg

Snakk om pangkarriere! I februar 2021 avslutta Øystein Silde Frønsdal (26) løpet til Nynorsk avissenter. Eitt år seinare vart han utnemnd som nyheitsredaktør i Firda.

– Eg søkte fordi eg innsåg at det kanskje berre var jantelova og alderen min som heldt meg igjen frå å vere ein svært god nyheitsredaktør, seier 26-åringen frå Etne.

Han var praktikant hos Nynorsk avissenter hausten 2020. Etterpå har det gått raskt i svingane på karrierevegen til den unge lovande. Han fekk tilbod om fast jobb i Firda då praktikantløpet var over. Under eitt år seinare fekk han tre inn i eit frontsjefvikariat i avisa. I denne stillinga har han ansvar for å lese over saker, kna gode titlar og fordele dagens saker på riktige tidspunkt. Men det stoppa ikkje der. Då det vart kjent at nyheitsredaktør Trond Jan Grimeland skulle slutte, var Øystein ein av søkarane til å ta over.

Hadde godkjensla

Under eit allmøte 15. februar i år vart det opplyst at Øystein hadde fått jobben.

– Eg hadde ein liten intuisjon. Godkjensla. Men sjølvsagt blir ein likevel overraska når ein får beskjeden. Eg vart vanvitig glad. Samtidig er det skummelt. Det er ein stor jobb. Eg har jo mykje å lære!

Det er ingen årelang draum som no går i oppfylling. Planen hans var eigentleg å bli lærar. Han studerte grunnskulelærar 5. til 10.-klasseutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Men han hadde ein liten fot i medieland. På somrane heime i Etne vikarierte han nemleg i avisa Grannar.

– Første sommaren rådde redaktøren meg til å søke på Nynorsk avissenter. Då tenkte eg at «Jau, då, det var kjekt her i sommar. Men det er no lærar eg skal bli».

La lærarplanane på hylla

Men etter nokre månadar hadde Øystein snudd. Han bestemte seg for å heller søke seg inn på avissenteret etter at utdanninga var ferdig. Hausten 2020 fekk han plass og tok fatt på det komprimerte, seks månader lange opplæringsløpet.

– Det var intenst. Eg lærte veldig mykje på kort tid. Det er mykje å ta inn, men samtidig fekk eg nok tid til å utøve i praksis det eg lærte på kursa. Det er veldig kjekt, først og fremst, seier han.

Dei to siste månadene består av praksis i ei valfri avis. Denne tok Øystein i Sunnmørsposten.

Kullet til Øystein var omtykt av Firdaleiinga, som gav alle praktikantane tilbod om jobb i avisa. Noko slikt har aldri skjedd før og hadde samanheng med generasjonsskifte i redaksjonen. Fire av dei fem, inkludert Øystein, takka ja.

Svolten

– Korleis vil lesarar merke at du tar over?

– Det blir ikkje nokon revolusjon, nødvendigvis. Vi er i stadig utvikling, uansett kven som er redaktør. Forhåpentlegvis vil lesarane merke at vi held fram med godt stoff for ulike målgrupper. Eg har mål og ambisjonar om at vi skal kunne levere endå betre djupne i journalistikken vår.

Ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, sparer ikkje på dei positive adjektiva når han skal gjere greie for kvifor Øystein Silde Frønsdal fekk jobben.

– Han er ein god journalist, ein digital skalle. Han er svolten og er veldig tydeleg på at han vil «blø for Firda-drakta», for å bruke eit slikt uttrykk. Det er den stå-på-viljen vi treng. Så er det veldig bra at det unge og dynamiske arbeidsmiljøet i Firda får ein leiar som er i same aldersgruppa som dei han skal leie. Det har sjølvsagt ikkje vore det viktigaste, men det er eit stort pluss.