Close

Kjekk samling i Oslo

KJEKT: Tidlegare praktikantar frå Nynorsk avissenter møtte kvarandre i Oslo denne veka. Bak f. v. Sindre Camilo Lode, Marit Brennset Eirik Lotsberg, Camilla Brugrand, Kjell Åsmund Sunde, Mone Celin Skrede og Beate Haugtrø. I midten: Marte Husabø, Ingunn Osland, Hilde Mo, Robin Wullum, Kristiane Bøgwald og David Sviland. Framme: Jesper Johnsen.

Del innlegg

Rundt 20 tidlegare nynorskpraktikantar frå Nynorsk avissenter bur og arbeidet i Oslo. Her er dei fleste av dei!

Onsdag 23. mars var det invitert til treff i Oslo. Marit Brennset og Ingunn Osland stod for invitasjonen, og svært mange tok turen til Grønland der det var bestilt plass på ein boule-bar.

– Utruleg moro og veldig kjekt å sjå at praktikantane fann kvarandre og hadde noko å snakke om på tvers av kulla dei gjekk på då dei var i Førde, seier dagleg leiar Ingunn Osland.

Skal halde kontakten

Svært mange kull var representert. Frå Marit Brennset som starta på det alle første kullet hausten 2013 til Robin Leander Wullum og Jesper Hommefoss Johnsen, som var ferdig for to veker sidan, og altså var på kull 17.

For mange var det første gong dei møtte kvarandre, men truleg ikkje siste.

– Dette var moro. No skal vi lage ei eiga Facebookside som er lågterskel, seier Marit Brennset, som saman med Osland tok initiativ til denne samlinga.

På Facebooksida skal vi invitere inn alle tidlegare NA-arar. Så kan vi ha kontakt med kvarandre der. I første omgang blir alle i Oslo-området inviterte inn. Der kan ein avtale å gå ut saman, kvar ein skal møtast og slike ting. I tillegg til at ein kan tipse kvarandre om jobb, faglege ting og anna som dei er opptekne av.

Bergen neste

– Vi kjem til å gjere det same i Bergen i mai/juni. Etter påske vil det komme meldingar til tidlegare praktikantar som held til på Vestlandet, og få til eit liknande møte i Bergen, seier Ingunn Osland.

Ho legg til at det ikkje er slik at vi har gløymt at det er praktikantar mange andre stader også.

– I løpet av sommaren vil eg prøve å få kontakt med alle, og få alle inn i ei gruppe, ei slags alumne-gruppe, seier Osland.

For ho er det viktig at dette er lågterskel, og noko som er både moro og interessant.

– Når ein ny praktikant kjem til Oslo, Bergen, Stavanger eller heilt andre stader er det fint om det er eit nettverk ein kan vende seg til. Både sosialt og fagleg. Dette trur eg er viktig, seier Osland.