30-åringen frå Sunnmøre skal kjempe for nynorsken sin plass i media.
– Det var kjekt å få ein slik telefon. Eg takkar veldig for tilliten, og gler meg til å ta fatt på arbeidet med språkmangfaldet i media, seier ho.
Under årsmøtet til Kringkastingsringen den 9. mars vart Skrede vald som styreleiar for organisasjonen.
Kringkastingsringen er ein uavhengig medlemsorganisasjon som jobbar for at NRK skal oppnå nynorskkvoten på 25 prosent, og for at dialekter, nynorsk og samisk skal brukast mest mogleg i media.
– Nynorsk er mitt språk
Skrede jobbar og bur ho i Oslo. Ho jobbar som kommunikasjonsrådgivar i Uloba, ein ideell organisasjon som kjempar for likestilling av funksjonshemma menneske i samfunnet.
– Kvifor takka du ja?
– Dette er noko eg ser på som viktig. Eg har alltid skrive nynorsk så lenge eg har vore journalist. Sjølv om eg ikkje jobbar som journalist lenger, er det framleis viktig for meg at språket, som eg identifiserer som mitt, eksponerast for andre.
Ho kjem frå tjukkaste nynorskland: Ytre Hareid i Møre og Romsdal. Ho er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare jobba som vikar i ulike aviser, mellom anna Aftenposten, Dag og Tid og Nationen.
Nye medievanar
Sunnmøringen gjekk løpet til Nynorsk Avissenter våren 2017, som del av det åttande kullet for utdanningsinstitusjonen.
Ho viser til at medievanane våre blir stadig meir digitale, og at aviser lagar podkastar som berre det. Ho meiner Kringkastingsringen må vere på ballen for at nynorsk skal bli prioritert også på desse flatene.
– Vi må sørge for at styremaktene har ein språkpolitikk for dei nye mediekanalane, seier ho.
Tida i Førde på Nynorsk Avissenter i 2017, skildrar ho som givande:
– Utdanningsløpet gav meg meir rom for å bli kjent med meg sjølv som nynorskskribent, og meir innsikt i korleis nynorskjournalistikk fungerer.