Close

Øystein er Firda sin nye nyheitsredaktør

Øystein Silde Frønsdal

Del innlegg

For eitt år sidan var Øystein Silde Frønsdal i praksis for Nynorsk avissenter. No er han tilsett som nyheitsredaktør i Firda.

– Det er vanvitig kjekt å få moglegheita, seier Frønsdal like etter at heile redaksjonen har fått vite at Øystein er den nye nyheitsleiaren.

Karrierestigen til Øystein har vore bratt, og han har gått fort i trinna.

Praktikant for eitt år sidan

Hausten 2020 starta han på Nynorsk avissenter. Då kom han frå Sogndal, der han hadde teke lærarutdanning. Erfaringa han då hadde som journalist var at han hadde vore sommarvikar i avisa Grannar heime i Etne, der han kjem frå.

Frå august til desember 2020 var Øystein i opplæring i Nynorsk avissenter, og skreiv saker for Firda. I januar og februar 2021 var han i praksis i Sunnmørsposten, før han vende tilbake til Firda 1. mars for å ta til i fast stilling.

– Det har gått fort. Og det har vore spennande, seier Øystein.

Ein stor jobb

– Det er store sko å fylle. Å ta over som nyheitsredaktør. Firda er ei stor avis. Men eg har driven som skal til, og meiner sjølv at dette skal eg klare.

Firda er ei stor avis, og Øystein skal styre ein redaksjon med 18 tilsette.

– Eg har ein plan. Eg har sett meg nokre mål. Og eg trur eg er ein god lagspelar som kan få det beste ut av dei eg jobbar saman med, seier Øystein.

Mange frå same kull

Kull 15 i Nynorsk avissenter var det første kullet der alle fekk seg journalistjobb rett frå praksis. Fire av dei fem vart tilsette i Firda. I tillegg til Øystein er det Taline Vinjevoll Årdal, Synne Muren Olsen og Natalie Liabø Hermansen. Den femte i kullet, Sofie Retterstøl Olaisen har fått fast jobb i NRK Nordland.