Close

Daily Archives: 12. januar 2017

Regionstein m.m.

Sogn og Fjordane har eklogitt som fylkesstein, medan Hordaland har koronitt. Fylkesblomen i fjordafylket er revebjølle, medan dei sønnafor føretrekker kusymre. Gjerdesmett er fylkesfuglen her, medan kvitryggsmett er favoritten i Hordaland. Dei ansvarlege bak regionreforma har ikkje teke innover seg den gryande kulturkampen, når to fylke no skal semjast om dei viktige symbola som me kan […]

Read More

Kompromiss på 1-2-3

Kommunesamanslåing er kompromiss. Me lyt leggja til side nokre kjepphestar for å tekkjast naboane. Symbola er gjerne dei vanskelegaste. Kvar ordføraren skal ha kontor, korleis kommunevåpenet skal sjå ut, og sjølvsagt: kva kommunen skal heite. Då Firda bestilte meiningsmåling om kva kommunenamn folket ville ha, skåra Sunnfjord og Indre Sunnfjord nedst hjå […]

Read More

Trivselsfaktoren

Den færøyske avisa Dimmalætting kunne i veka stolt melda at færøyingane brukar minst viagra i Norden. Færøyingane brukar berre halvparten så mykje som dei naturlege rivalane i Danmark. Finnane er dei verste, og brukar fem gongar så mykje potensmiddel som øynaboane våre ute i havet. Sjølvsagt er Sogn og Fjordane […]

Read More

Sanning og forbanna dikt

I 1998 vart den amerikanske journalisten Stephen Glass avslørt for å ha skrive falske reportasjar for den amerikanske vekeavisa The New Republic. Glass skreiv om fyllefestar i studentorganisasjonen til det republikanske partiet, ein ungdom som fekk jobb i selskapet han hacka datasystemet til, og om narkotikapolitikk. Alt heilt eller delvis […]

Read More

Media ventar på ein styrmann

Journalistikken har dei siste åra tatt ein støyt. Overgang frå papir til nett minska talet på journalistar betrakteleg. Lesarane vert irriterte av titlar berre laga for å lokke dei frå sosiale medium inn til avisas eigen nettstad. «Fake News» har det siste året øydelagt tilliten til den fjerde statsmakt hos […]

Read More

Xenofili

Eg synest det framande er spennande. Om vi har xenofobar i samfunnet, er eg xenofil. Eg liker ikkje honning, men då eg fekk ei bok frå 1915 om birøkting, heiv eg meg over ho. Eg synest samfunnet er bra som det er, men når ein russisk prins på 1800-talet skriv […]

Read More

Gnistrande kjærleik

Førre helg vart einsemda for stor, og eg bukka under for ho. Eg lasta ned Tinder. To månader utan menneskeleg kontakt med andre enn kollegaer, var det som skulle til. Kvardagane mine er så travle at eg ikkje legg merke til mangelen på eit sosialt liv, men når helga kjem […]

Read More

Kjedeleg, best slik

Førre Skrivekløe kom i avisa på bursdagen min, eg vart 20. I dag er det 1. april, men du kan slappe av, det kjem ingen aprilsnarr på siste linje. Eg liker ikkje å gjere noko stort ut av slike dagar. Det er kjekt å få gratulasjonar, og ein spøk eller […]

Read More

Musikk og religion

Han forkynner frå plattforma. Tusenvis har samla seg for å høyre på. Dei får teiknet, og gjentek hans ord. Det er søndag, klokka har nettopp passert tolv, og eg står på første rad. Framfor meg er Kvelertak, og konserten deira nærmar seg slutten. Det som skjedde den natta er det […]

Read More

Livet som rotekopp

«For eit ryddig skrivebord du har!» fekk eg høyre ei av mine første veker i Firda. «Berre gje meg litt tid», svarte eg. Tid har eg fått, og det ser ikkje ut. Kvar gong eg kjem inn i ein støvfri, rein og ryddig heim, vert eg forbløffa. Eg har undra […]

Read More