Close

Kompromiss på 1-2-3

Del innlegg

Kommunesamanslåing er kompromiss. Me lyt leggja til side nokre kjepphestar for å tekkjast naboane. Symbola er gjerne dei vanskelegaste. Kvar ordføraren skal ha kontor, korleis kommunevåpenet skal sjå ut, og sjølvsagt: kva kommunen skal heite.

Då Firda bestilte meiningsmåling om kva kommunenamn folket ville ha, skåra Sunnfjord og Indre Sunnfjord nedst hjå alle. Geografisk, demografisk, politisk. Meiningsmålarane fann berre støtte for Indre Sunnfjord i SV og Indre Sogn. Dei vil nok båe seia at det er det indre som tel.

Men dei fire formannskapa lét seg ikkje påverka av kva folket meiner, og gjekk saman for Indre Sunnfjord. Det er det einaste naturlege. Kjernen i eit godt, gamaldags kompromiss finn me i kjernen av mennesket.

Ifølgje ei undersøking DNB gjorde i fjor kranglar éin av tre med naboen. Gjerne om eit tre, eller to.

Sunnfjordingar er som nordmenn flest eit oppofrande folkeferd, reknar eg med. Med vilje til å bruka både tid, kreftar og pengar på andre menneske. Gjerne år og hundretusenvis av kroner. Så lenge naboen irriterer seg over treet på tomtegrensa, vil eg setja himmel og jord i rørsle for å la det stå der. Eg kan godt sitja litt i skuggen sjølv.

Nettopp difor trur eg kommunane kan semjast om namnet ingen likar. Eg kan godt bu i ein kommune eg ikkje likar namnet på, så lenge dei andre i kommunen likar det minst like lite.

Og PS: Ikkje sei til nokon at det står eit stort tre midt på kommunegrensa og skuggar for naboen.