Close

Media ventar på ein styrmann

Del innlegg

Journalistikken har dei siste åra tatt ein støyt. Overgang frå papir til nett minska talet på journalistar betrakteleg. Lesarane vert irriterte av titlar berre laga for å lokke dei frå sosiale medium inn til avisas eigen nettstad. «Fake News» har det siste året øydelagt tilliten til den fjerde statsmakt hos mange. Framtida ser dyster ut for avisene. Det er vanlegvis under slike apokalyptiske tilstandar ein begynner å spå nedstigning av ein frelsar. Ein stødig styrmann som vil snu om på retninga vi uheldigvis finn oss i.

Her kjem eg inn i bildet. Nyfiken på ei verd eg enda ikkje er korrumpert av. Heilt utan relevant erfaring eller utdanning. Som ein tørr svamp i handa til ein lærar på veg til vasken første skoledag etter sommarferien, skal eg ein kort periode ta til meg så mykje eg kan, i håp om seinare å vere til nytte i opplysninga av samfunnet.

Svampen veit ikkje kva den skal brukast til seinare, men den tar til seg så mykje vatn som mogleg – for det vil uansett komme til nytte. Politikk, kultur, løyndom, naturvitskap, alt dette skal svampen fare over. Nokre svampar blir og kasta på lærar og klassekameratar.

Kameratar som leikar saman og spring etter jenter dei få minutta dei får vere ute. Slik var eg som liten, der eg voks opp i verdsmetropolen Molde. Slik har eg vore på reise over Atlanteren til tidlegare utpostar av det franske riket, og slik er eg framleis.Den delen av meg håper eg å behalde, mens så mykje anna endrar seg.