Close

Del innlegg

Eg synest det framande er spennande. Om vi har xenofobar i samfunnet, er eg xenofil.

Eg liker ikkje honning, men då eg fekk ei bok frå 1915 om birøkting, heiv eg meg over ho. Eg synest samfunnet er bra som det er, men når ein russisk prins på 1800-talet skriv at anarkisme kanskje hadde vore ei betre løysing, høyrer eg gjerne etter. Det heilt daglegdagse kan eg og konsentrere meg om i ein absurd grad, så lenge det blir fortalt med ei finurleg dialekt eller det går føre seg på eit anna språk.

Det framande og det som er annleis og nytt, interesserer meg heilt vilt. Det eg ikkje veit, vil eg gjerne vite, sjølv om det då går inn i den kjedelege massen av kunnskap eg har, og den pirrande mørklagde delen av verda blir mindre.

Nysgjerrigheita eg har trur eg mange deler, sjølvtilliten gjer meg kanskje meir unik. Eg er ikkje redd for å miste noko av min eigen kultur eller identitet når eg lærer om andre sin. Eg er heller ikkje redd for at dei vert endra. Så stor tru har eg på meg sjølv, at eg vil klare å feie bort dårlege idéar og ta til meg dei gode, uavhengig av kor dei kjem frå. Denne sjølvtilliten skulle eg gjerne sett hos fleire.

Nokre vil seie det er overmot, eller naivitet, og det kan eg på ein måte vere samd i. Naivitet og overmot er likevel å føretrekke framfor frykta vi finn hos mange i dag.

Ein kan gå frå naivitet til handlekraft ganske fort, å riste av seg frykt er derimot ein langsam prosess.