Close

Gnistrande kjærleik

Del innlegg

Førre helg vart einsemda for stor, og eg bukka under for ho.
Eg lasta ned Tinder.

To månader utan menneskeleg kontakt med andre enn kollegaer, var det som skulle til. Kvardagane mine er så travle at eg ikkje legg merke til mangelen på eit sosialt liv, men når helga kjem utspelar han seg som lange, treige timar utan noko å gjere.

Eg prøvde å gå tur, å symje, å lage mat, og å lese, men ingenting hjelpte. Det var noko menneskeleg eg trong. Med berre helgane fri var vala mine av møteplassar avgrensa til utestadar med for høg musikk, broderikurs med for høg snittalder – og Tinder.

På Tinder fann eg mange forskjellige jenter. Nokre av dei ignorerte dei mest geniale ordspel, mens andre fekk mobilen min til å lyse opp i respons på eit enkelt «Hei». Det verka meir som å spele lotto, enn som å flørte.

Trass i at jentene var like uforståelege som i røyndommen, så verka det som om eg dreiv med sosialisering på steroida. Etter nokre få dagar hadde eg vore i kontakt med fleire folk, enn eg hadde vore mine første to månadar.

Som ved vanleg doping blir ein møtt med kritikk for hjelpemiddelet ein tek i bruk. «Det er unaturleg» seier folk. Eg er ueinig. Sidan Ivar Aasen fant opp skriftspråket på 1800-talet, så har det vore like naturleg å kommunisere med skrift, som med tale. Om eg då skriv på ein app til Nora (7km unna), eller på brevpapir til grannejenta er vel ikkje så forskjellig.

Ein lyt ikkje henge seg opp i detaljane, gutar har lengta etter jenter, og motsett, frå før oppfinninga av bålet. I dag kan ein lettare slå gnistar, men flamma er den same.