Close

Kjedeleg, best slik

Del innlegg

Førre Skrivekløe kom i avisa på bursdagen min, eg vart 20. I dag er det 1. april, men du kan slappe av, det kjem ingen aprilsnarr på siste linje. Eg liker ikkje å gjere noko stort ut av slike dagar. Det er kjekt å få gratulasjonar, og ein spøk eller to kan eg leve med, men det blir litt for mykje om eg må endre heile dagsplanen for datoens skuld.

Nokre vil ha hundre restaurantar med mat frå hundre land, dei vil prøve noko nytt kvar veke, utfordre smaksløkane. Eg synest det tar litt for lang tid å gå gjennom matbutikken. Dei kunne godt fjerna eit par hyller, eg kjøper berre dei same fem-seks varene uansett.

Fire egg på fire brødskiver til frukost. Åtte brødskiver til lunsj; to med brunost, to med jordbærsyltetøy, to med sjokoladepålegg, to med eit sykke svinekjøtt, ei skive ost, fire agurkskiver, fire deler opphakka paprika, enda eit stykke svinekjøtt, og så to skiver til med ost på toppen. To kyllingfiletar og ei handfull ris til middag. Kvar dag.

Livet mitt er rutineprega, for å seie det mildt. Eg held meg til dei same tidspunkta kvar dag. Vaknar, et frukost, køyrer til jobb, et lunsj, drar heim frå jobb, drar på trening, set kyllingen i omnen mens eg går i dusjen, et, legg meg. Eg vil at det skal vere kjedeleg og føreseieleg, eit urverk.

Det er best slik. Rammene i livet skal vere sette, så eg kan konsentrere meg om innhaldet.