Close

Livet som rotekopp

Del innlegg

«For eit ryddig skrivebord du har!» fekk eg høyre ei av mine første veker i Firda. «Berre gje meg litt tid», svarte eg. Tid har eg fått, og det ser ikkje ut.

Kvar gong eg kjem inn i ein støvfri, rein og ryddig heim, vert eg forbløffa. Eg har undra meg grøn over korleis det er mogleg å halde ein slik orden til ei kvar tid. Eg skulle så gjerne ha vore som dei, men eg får det ikkje til. Uansett kor mykje eg står på før eg får gjester på besøk, ligg det alltid nokre klede krølla i eit hjørne, eller så kravlar det ei hybelkanin eg ikkje klarte å fange med støvsugaren.

Det å vere ein rotekopp er ei liding i seg sjølv – eg veit aldri kvar eg skal begynne å leite når noko er sakna. På toppen av dette må eg tole dei kritiske blikka til ryddefanatikarar som kjem innom. Då skammar eg meg, og stundom føler eg meg teit og underlegen.

Litt trøysta vart eg då eg sat opp ei mental liste over dei ryddigaste eg kjenner. Det viste seg nemleg at denne samsvarte godt med lista over dei kjedelegaste eg veit om. Desse ryddige og perfekte menneska har rett og slett ikkje så mykje føre seg. Forskarar ved universitetet i Minnesota kom nyleg fram til det same som meg, for det viser seg faktisk at folk som lever i ryddige omgjevnadar er mindre kreative enn oss andre.

Dei ryddige liva ser jo så perfekte ut, men eg har ein sterk teori om at dette berre er ein fasade. Eg er heilt sikker på at det er i desse familiane ein finn flest utrue ektefellar, og det er garantert her flest born hamnar på køyret. Forklaringa er jo enkel – anten er dei dritleie av å leve innanfor dei strenge rammene, eller så prøvar dei å skjule intrigar og drama med ei perfekt utside.

Så no har eg bestemt meg for å slutte å skamme meg over rotet mitt. Eg skal leve i det, og eg skal tenke på at eg har eit mykje meir givande og kreativt liv enn dei eg har misunna så lenge. Og som Einstein ein gong sa: «Om eit rotete skrivebord er eit teikn på eit rotete sinn, kva er då eit tomt skrivebord uttrykk for?».