Close

Våren 2017

Xenofili

Eg synest det framande er spennande. Om vi har xenofobar i samfunnet, er eg xenofil. Eg liker ikkje honning, men då eg fekk ei bok frå 1915 om birøkting, heiv eg meg over ho. Eg synest samfunnet er bra som det er, men når ein russisk prins på 1800-talet skriv […]

Read More

Gnistrande kjærleik

Førre helg vart einsemda for stor, og eg bukka under for ho. Eg lasta ned Tinder. To månader utan menneskeleg kontakt med andre enn kollegaer, var det som skulle til. Kvardagane mine er så travle at eg ikkje legg merke til mangelen på eit sosialt liv, men når helga kjem […]

Read More

Kjedeleg, best slik

Førre Skrivekløe kom i avisa på bursdagen min, eg vart 20. I dag er det 1. april, men du kan slappe av, det kjem ingen aprilsnarr på siste linje. Eg liker ikkje å gjere noko stort ut av slike dagar. Det er kjekt å få gratulasjonar, og ein spøk eller […]

Read More

Musikk og religion

Han forkynner frå plattforma. Tusenvis har samla seg for å høyre på. Dei får teiknet, og gjentek hans ord. Det er søndag, klokka har nettopp passert tolv, og eg står på første rad. Framfor meg er Kvelertak, og konserten deira nærmar seg slutten. Det som skjedde den natta er det […]

Read More

Livet som rotekopp

«For eit ryddig skrivebord du har!» fekk eg høyre ei av mine første veker i Firda. «Berre gje meg litt tid», svarte eg. Tid har eg fått, og det ser ikkje ut. Kvar gong eg kjem inn i ein støvfri, rein og ryddig heim, vert eg forbløffa. Eg har undra […]

Read More

Lat meg sitte i fred!

Eg ser meg grundig rundt til alle kantar. Leitar. Der! To ledige sete på rad. Dei er mine. Eg slenger meg ned i innste sete, og skrur podcasten på full guffe. Veska mi set eg i nabosetet, gjerne føtene også. Eg snur hovudet mot glaset, og let augo att slik […]

Read More

Ta hintet, då!

Å hinte. Ei ypparleg form for kommunikasjon. Eg hintar mykje. Når eg prøver å få blikkontakt med kjærasten min, for så å la blikket gli mot døra, betyr det at eg vil dra. Når eg kremtar eller svarar uinteressert «ja» til bror min, betyr det at han har snakka altfor […]

Read More

Vingla meg fram til Førde

Den tredje januar gjekk turen frå Kvinnherad til Førde. Eg hadde med meg ein koffert som eg til slutt hadde klart å lukke, etter store diskusjonar med meg sjølv, og etter å ha lagt tilbake halve klesskapet mitt. Kva som skulle vere med og kva som måtte bli igjen, hadde […]

Read More