Close

Ta hintet, då!

Del innlegg

Å hinte. Ei ypparleg form for kommunikasjon.

Eg hintar mykje. Når eg prøver å få blikkontakt med kjærasten min, for så å la blikket gli mot døra, betyr det at eg vil dra. Når eg kremtar eller svarar uinteressert «ja» til bror min, betyr det at han har snakka altfor lenge om noko ingen bryr seg om. Når eg set den skitne oppvasken til dei eg bur med inn i skapa deira, betyr det at det er på tide å rydde etter seg. Men kjærasten min skjenkar i glaset, bror min hevar røysta, og i skrivande stund kjenner eg eimen av noko eg ikkje vil prate om, frå kjøkkenskapa i kollektivet.

Eg er flink til å gje hint, andre er berre ikkje så flinke til å ta dei. Eg forstår det ikkje, for eg tek nemleg alle saman. Eg tek kanskje til og med dei hinta som ikkje er der. Eg skjønar blikket som seier det er på tide å dra, eg skjønar kremtet som betyr at eg har prata for lenge, og eg skjønar teikna på at eg har rota for mykje. Eg tek hintet folkens, ingen grunn til å rope det ut!

Vi hintarane i verda tek eit tak for å gjere kvardagen littegrann enklare for oss sjølve. Slik slepp vi å ta opp ubehagelege ting, og unngår å bli konfronterte. Så lenge det ikkje kjem sånne ekle menneske som seier ting rett ut. For då hjelper det ikkje om vi rynkar panna eller kremtar. Då blir det plutseleg sett krav om at også vi skal buse ut med ting. Hallo!? Kan vi ikkje berre få styre på sånn som vi sjølv vil? Vi burde organisere oss. Ja kanskje vi kan gå inn i politikken, og på sikt få innført hinting som valfag i skulen. Det hadde vore noko, då skulle vi vist alle flåsekjeftane!

Men trass i min kjærleik til denne konfliktskye forma for kommunikasjon, fungerer den dårleg på jobb. Kritisk journalist. Eg skal jo stille maktpersonar og ordmanipulatorar til veggs! Så sjølv om eg på privaten har planar om å fortsette hintinga, skal eg også øve meg litt på å seie ting som dei er. Eg startar her: ta oppvasken dykkar!