Close

Praktikant

Perspektiv på livet

GOD MORGON. Eg vaknar. Har fri. Kva skal eg gjere? Opnar kjøleskapet, hmm. Slår på fjernsynet, hmm. Tar datamaskina på fanget, hmmm. Det endar i siste nytt på fjesboka, med radio i bakgrunnen som vel songane sine sjølv. Valets kvalar kveler. LIVET BESTÅR av stadige dilemma, med så uendeleg mange val. […]

Read More

Kva tenker du på?

OM DU TENKER på kor utilpass du er i din livssituasjon, eller kanskje ser nedlatande rundt på alle idiotane i rommet, blir det ein lett utgang med; «ikkje noko spesielt». Men surrar ikkje alltid nokre tankar rundt i hovudet ditt? EIN SEIER AT sanninga får ein frå dei som vinglar skjenkte rundt […]

Read More

Kva? Gode nyhende?

DAGEN I DAG er ein vedunderleg dag. Å vakna som lesekyndig menneske i ein varm heim, er ikkje alle forunt. Kanskje du nippar til ein kopp kaffi, og kan nyta ei frihelg som berre avgrensast av eigen kreativitet. I dag kan me og gleda oss over 170 sprell levande barn som […]

Read More

Tid for våte draumar

EG HAR gått inn for landing og tatt spaken for ein ny vår i eit nytt distrikt. Fjorden cowboys og smalahove har blitt erstatta med Førde camping og ei intens kløe. Mannebeinet blant praktikantane i Nynorsk avissenter er på plass, og den første helga kan eg sjå fram til eit makelaust […]

Read More

Lammande valfridom

KOR MYKJE tid brukar du dagleg på å ta val? Veg du vala dine for og imot, opp og ned på gullvekt? Tenker på konsekvensar og andre moglegheiter? Det gjer eg, og eg vert ikkje noko sikrare i vala av den grunn, tvert om. KVEN ER eg? Eg har røter og evner […]

Read More

Skuggeboksing

Florø har hatt bystatus i 154 år. Det er vi florøværingar stolte av. Og vi er patriotar. Kanskje dei største bypatriotane ein finn i heile Norge. Ein må gjere seg fortent til statusen som florøværing. Ein må ha budd i byen lenge og helst vere fødd midt i Strandgata. Førdehatet har […]

Read More

Takk for nynorsken

Tida går fort på Nynorsk avissenter, og det er på tide med ei lita evaluering før eg takkar for meg og set kursen tilbake mot Trøndelag. Dei siste månadene har eg lært i alle fall éin ting det skal mykje til for at eg ikkje drar med meg vidare og får […]

Read More

Ein for 25, to for 20

Ein søndag kveld for ikkje lenge sidan vart suget for sterkt, og eg måtte bort til næraste Narvesen og få tak i ein sjokolade. Det er sånt som skjer av og til. Eg hadde sett føre meg at det skulle halde med éin Kvikklunsj, men så oppdaga eg skiltet: «éin for […]

Read More

Same procedure?

Eg plar i grunn alltid følgje rimeleg godt med når statsbudsjetta vert presentert. Sjølvsagt fordi eg er interessert i politikk, men eg kan vel ikkje nekte for at det har hatt litt med underhaldningsverdien i det å gjere òg. Du veit sikkert kva eg meiner: Regjeringa legg fram budsjettet, og det […]

Read More

Tre veker i paradis

Sjølv om eg kjem frå ein familie der Nynorskordboka er likså naturleg å ha på nattbordet som Bibelen, betyr ikkje det at eg alltid har vore trygg på meg sjølv som nynorskbrukar. Frå eg var tolv år og fram til eg vart 24, har eg gått på skule eller studert i […]

Read More