Close

Med lys i kortklipt hår

Del innlegg

Heime hos meg har vi alltid feira Lucia. Med lussekattar laga etter alle kunstens reglar, og kvite kapper sydd av dei gamle gardinene på badet. Når kvelden kom, stod vi der med tindrande auge og song. Frå hus til hus gjekk vi og delte ut baksten vår. Den dag i dag sit eg og stirar på eit gammalt bilde av ein gjeng kvitkledde ungar – det er spesielt ei feiring eg har fortrengt. Kven er den «guten» til venstre? Jo, det er meg. Jula 1999 var eg ein stjernegut.

Med eitt får eg ein heftig flashback. Plutseleg er eg ein kortklipt femåring igjen, i døropninga til ei nabokjerring. «Det var ein fin stjernegut!», bryt ho ut, til mi fortviling. «Hæ? Eg er jo Lucia?». Eg hadde jo krone og lys og heile pakka, det var berre det blonde englehåret som mangla.

For å forstå, må vi tilbake til Stranda og året 1999. Den hausten var starten på mitt år som gut. Det var den hausten pannelugg var det einaste som stod i hovudet på meg – men mor mi nekta å la dei gylne korketrekkarane falle. Då haustmørket hadde lagt seg, klatra eg ned frå køysenga mi, tok tak i den sløve Barbie-saksa mi, og la den presis ein millimeter over luggen min. Det resulterte i den kortaste hockeysveisen nokon gong registrert utanfor Statane. Dagen etter gjekk eg i barnehagen med ein oransjeblomstra hatt og ei mor som gret.

Som det urofrie barnet eg var, streifa det meg aldri at den kortklipte sveisen min, gjerne kombinert med både kjolar og lakksko – skapa forvirring. Den jula var eg berre glad for å få vere Lucia. Eg tenkte ikkje så mykje på det den gong, men no plagar det meg litt at det framleis er dei blonde jentene som går først i Lucia-toget. Alle må få vere Lucia ein gong.