Close

Stempla av dialekta

Del innlegg

Då eg var 18 år, kjøpte eg meg ein einvegsbillett ut av landet. Alle frå vidaregåande i Sogndal sette kursen mot Bergen eller Oslo. I mine auge var ikkje det langt nok. Eg var lei folka, språket, landet og ikkje minst bygdedyret. Det einaste eg ønska, var å starta med blanke ark i eit framandt land og plukka opp nokre fargetusjar undervegs. London var byen eg skulle tilbringa dei neste fire åra av livet. Språket var stilt inn på engelsk og nynorsken gjekk i gløymeboka. Det var ikkje før eg byrja å kommunisera med andre nordmenn at dialekta og nynorsken vart kommentert.

Snakkar du nynorsk? Utbraut dei med vantru og overrasking. Anten syntest bokmålbrukarane at språket var nydeleg, eller så var det uforståeleg. Ideen om at nynorsken likevel fekk eitt og anna augnebryn til å heva seg, fekk meg til å stussa. Om ein har dialekt, blir ein merka som eksotisk. Men om ein skriv nynorsk, er det sjølvsagt at ein har teke eit standpunkt i livet. Fram til då så hadde eg ikkje tenkt på at nynorsk var ein del av identiteten mi. Eg fekk erfare at språkvalet betyr meir enn ein skulle tru.

Du er mest truleg frå Vestlandet, og då er oppvekstområdet gjerne prega av djupe fjordar og høge fjell. Ein skal heller ikkje langt ut i slektstreet før ein finn nokon som har odel på ein gard. Eg har aldri høyrt nokon spørje ein person kvifor dei skriv bokmål eller gjettar på kvar i Noreg dei er frå. Valet om å skrive nynorsk er difor kanskje meir definerande enn ein ung utflyttar hadde trudd.