Close

O jul med din prestasjon

Del innlegg

Jula er tida då den gamle vennegjengen igjen skal samlast etter fleire månadar på ulike kantar i verda. Vi har alle bakt julekaker, delt ut gåver og feira nyttår saman sidan vi var 13 år gamle. I år vert det annleis.

På ungdomsskulen var vi nokså like. Spelte fotball, fekk gode karakterar, var forelska, hadde sommarjobb og hang saman på fritida for å diskutere siste rykte på bygda. Vi var lykkeleg uvitande om at vi sakte, men sikkert skulle gli frå kvarandre.

Ei av oss investerte i kjæraste og bustad, ei sleit seg ut for å komme inn på rett studium, ei rømte landet, ei prioriterte trening og den siste vart igjen på bygda. Med andre ord: ei vart isolert frå omverda, ei vart utbrent, ei mista bakkegrepet, ei fekk etevegringar og ei vart deprimert.

Men vi blei innmari gode på det vi hadde satsa på. Problemet var at kvar enkelt av oss meinte dei andre hadde prioritert å prestere i feil grein. Dette skulle by på pinlege pausar, hjartesukk og himling med auga dei gongane vi møttest til jul.

No har snøen igjen lagt seg. Vi sit framleis i ring og skryt av våre prestasjonar. Nokre skålar for den nye jobben, andre for A+ dei fekk på eksamen og nokre for 10-årsjubileet med kjærasten. Håpar at vi har valt riktig retning. Stussar på om vi har prioritert feil. Samlinga i jula har gått frå dele erfaringar, framtidshåp og flausar til å bli ein konkurranse om kven som har den beste prestasjonsmonologen.

Tradisjonen med å møtast kvart år har dabba ut. Resten av året er det lite aktivitet i Facebook-gruppa vår. I år veit eg ikkje om eg orkar. Tvilen som år etter år vert sådd av å høyre mine skråsikre vennars prestasjonsval, og min eigen argumentasjonen for kvifor mitt val var det rette for meg.