Close

Berre å google det!

Del innlegg

Dette er svaret eg som oftast får slengt i trynet når eg spør venner og kollegaer om noko. Men google vil eg ikkje.

Enkle spørsmål som korleis eg bøyer eit ord eller kva hovudstaden i eit land heiter, vert dagleg svara på med at «Google veit best».

På ein biltur til Bergen spurde eg venninna mi om korleis stoda er for klimautslepp i verda. Det skulle vise seg at verdas undergang er nær.

Lyset i augo til venninna mi var plutseleg tent: Ho snakka med ei enorm innleving om korleis kvegdrift er den største trusselen mot verdas regnskogar. Framtida ser dyster ut når ein kan sløse vekk to månadar dusjvatn ved å ete ein burger frå McDonalds. Ho la ut om dokumentarar, statistikk, besøk til fornybare bedrifter i fylket og kva bøker ho hadde lese om temaet.

Personleg engasjement for klimadebatten og dei store linjene kom tydeleg fram medan vi nærma oss Voss. Eg lytta, rista litt på hovudet og protesterte lattermildt då ho konkluderte med at alle må bli veganerar.

– Men du veit, byrja ho varsamt då vi tok til venstre i rundkøyringa mot flyplassen. Du kunne eigentleg berre ha googla spørsmålet og fått same svaret.

Internett kan gje meg eit svar på 0,35 sekund, men tilbyr ikkje den gode samtalen som heldt meg vaken den natta vi køyrde frå Sogndal til Flesland. Eg vil ikkje ha eit svar, eg vil ha ein samtale.

Ein samtale mellom menneske tilfører så uendeleg mykje meir enn nokre få tastetrykk. Du kan alltid finne ei oppskrift på kjøtkaker på Internett, men dei smakar ikkje like godt som dei bestemor lærte deg å lage.