Close

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Det er den tida på året igjen. Den tida då alle eigedelane skal fordelast på to koffertar og språket bytast ut.

Eg er rastlaus og det rykkjer stadig i reisefoten. I dag er det 26. september. Det er nøyaktig fire år sidan sist eg var i Noreg på denne tida av året. Eigentleg skal sommaren vara i alle fall ein månad til. Kvelden skal ikkje koma krypande så tidleg som klokka sju om kvelden. Noko er forferdeleg feil.

På veg heim frå jobb vurderte eg å halda fram å køyra. Berre fortsetja på E39 og ikkje ta til venstre i rundkøyringa. Men eg tok til fornuft i siste sekund og svinga av.

– No må du slutta å farta rundt. Du eig ikkje ro i kroppen. All denne rekinga er ikkje bra, seier bestefar til meg når eg langar ut om reisesjuka mi.

Kanskje er det noko i det å stå stille på same plass ei stund. Finne den såkalla «roa» som alle heime snakkar så høgt om. Eldre snakkar om at reisesjuka har utvikla seg til ein epidemi blant unge. Kanskje har dei rett?

Eg har bytta heim kvart år dei siste fem åra og flytta fire gonger det siste året. Land, by, bygd og bustad er noko som er veldig resirkulerbart for meg. Sidan mai har eg budd på Vestlandet. Sjølv om eg har bytta adresse, er det likevel same stad. Eg lengtar etter forandring i omgivnadar, nasjonalitetar og språk.
Førre veke gjorde eg noko så spontant som å bestille meg helgetur til Riga. Vanlegvis vert slikt planlagt årevis i førevegen. Men det er vel ein fyrste gong for alt.
Spontanturen var likevel ikkje drastisk nok. Noko meir ekstremt måtte gjerast. Så når du les dette, sit eg mest truleg i ein frisørsalong i Sogndal, klar for forandring. Eg ventar i spenning på at frisøren skal gjere om den elles så trauste brunfargen min til lilla. Så spørst det om denne kuren er den rette medisinen for den overveldande reisesjuka mi.