Close

Takk for at du var deg

Del innlegg

I dag er det eit år sidan du forsvann. Same kveld feira eg at eit nytt år i livet var gått. I byen som vi saman hadde besøkt fire år før.

Du snakka om hus, fast jobb, mann og dyr på siste skuledag. Men mest av alt prata du om den svære Maine Coon-katten din som du elska over alt på jord. Alle skuletimane som gjekk med på å ransake internett for desse dyra, og dagen du endeleg drog for å henta dei. Det var dette dagane i sofaen utanfor klasserommet gjekk med til å diskutere.

Fyrste gong eg møtte deg var eg livredd. Du var skremmande ærleg, kom med smarte merknadar og hadde klare meiningar om det meste. Eg hadde aldri møtt nokon så modig og bestemt som deg. Du var mi rake motsetning. Vi var ueinige om det meste og kunne krangle i dagevis. Men det var likevel di meining som vog tyngst. Det du sa tok eg innover meg. Grunnen? Kvar gong nokon hadde ein dårleg dag, var du den fyrste til å lytte og trøyste. Du lest aldri som du var ein omsorgsfull person, men du var den med størst hjarte av oss alle.

Klassen vår enda opp som ein sær, dysfunksjonell og trygg, liten familie. Vi sneik oss ut på nattetid i eit framand land, stod askefast på ein flyplass og såg soloppgangen i det vi kryssa grensa til Tyskland under ein taxitur gjennom Europa. Det gjer vondt å skrive om deg i fortid. Sorga og kjensla av å vere makteslaus sit framleis i kroppen. Eg er framleis sint for svara som aldri kom. I tre år fylte du livet mitt med idear langt utanfor min A4-tankegang, og med villare påfunn enn eg nokon sinne kunne drøymt om.
Kvar dag det siste året har tankane vandra til desse augneblikka. Uroa av å ikkje vite, heng framleis fast. Eit dystert mediebilde følgd av ein flaum med rykte. Likevel er eg fast bestemt på å halde fast ved den herlege og bastante personen som konstant pressa meg ut av komfortsona dei tre åra i Sogndal. Takk for at du var deg.