Close

Dit folk kjem for å døy

Del innlegg

Eg har vakse opp ved fjorden på Sunnmøre. På Stranda. Eg veit ikkje heilt når eg begynte å hate plassen eg var frå. Kanskje halvvegs inn i ein Tore Renberg-roman. For eg følte meg verkeleg som Jarle Klepp då eg vandra gatelangs på Stranda med The Cure på øyret og tenkte: Herregud, det er hit folk kjem for å døy.

Når du er 16 år og ikkje har ei aning om kven du er og kva du vil, er det tryggast å bruke kvar einaste dag du har, på å minne deg sjølv og dei rundt deg om kva du ikkje er og ikkje vil bli. Som at ein ved å overbevise andre, også ville greie å overbevise seg sjølv.

Eg skal ikkje ende opp her, i alle fall.

Desse tankane er det ei stund sidan eg hadde sist. Nokre gongar kjem dei tilbake – dei gongane eg er heime og ser kor tomt det er der. Eg forstår dei som flytta. Så snart eg fekk sjansen, flytta eg frå bygda mi eg også. Men kom tilbake fleire gongar enn eg kanskje burde.

Det var då eg ikkje lenger hadde moglegheita til å vere der kvar dag, eg innsåg kor glad eg er i heimstaden min. Eg håpar og trur at ein forandrar seg meir og meir for kvar dag som går. Og at nokre kanskje vil vende tilbake til bygda når dei har ei klarare meining om kva dei skal der.

Det er ikkje store mylderet på bygda, men det er enkelt å forsvinne i det likevel. Derfor kan det vere greitt å ha eit svar på desse spørsmåla ein stadig stiller seg sjølv, før ein vender nasen heim att for godt. Eg veit ikkje svara på desse spørsmåla, kanskje vil eg aldri finne dei heller. Men eg veit at eg aldri har elska bygda mi meir enn eg gjer ein regnfull kveld på ein tom hybel.