Close

Bruk refleks hjorten min

Del innlegg

«Påkøyrd hjort ved Byrkjelo i Gloppen. Mindre skadar på vogntog. Viltnemnda varsla.»

På dei fire første dagane i desember har minst åtte hjortar blitt påkøyrde her i fylket, ifølge politiet. Hjortane har altså rota seg ut på ein fylkes-,   riks- eller europaveg rett før den verste julestria og møtt eit panser eller ein front i altfor stor fart.

Kvifor brukte du ikkje refleks, hjorten min? Kvifor skal du heile tida køyre drag att og fram over asfalten? Her har du heile hausten snike deg unna kuler frå overivrige 50-åringar på jakt. I staden endar du opp med å døy av indre blødingar bak ei vegkro, med viltnemnda luskande i kulissane.

Kva risikovurderingar hjorten pleier å gjere, skal eg ikkje svare på, men det som er sikkert er at den sjeldan kjem godt frå det. Eg har framleis til gode å lese: «Påkøyrd bil på Kyrkjebø, skadd førar stakk av, viltnemnda leiter etter vedkommande. Hjort uskadd. »

Eg trur vi alle er litt som hjorten iblant. Om vi er god i ei gryte, skal eg ikkje svare på, men av og til blir vi ståande og «beite» langs ein trafikkert og farleg veg. Kanskje det ikkje er fortau der, eller kommunen gidd ikkje måke snøen, så du må ut å traske i vegbana?

Du må gjerne «beite», krysse eller danse langs ein veg, men hugs samtidig at det finst mange tullingar der ute, som gjerne kjem susande i 91 km/t med forstyrrande element som P4-musikk og Wunderbaum i bilen. Pluss alle oss andre.

Tenk på det neste gong du skal ut som fotgjengar. Bruk refleks. Så skal eg blende ned, sakke farten og gi deg eit nikk i retur. For ingen vil vel bli ein påkøyrd hjort? Du veit det er fort hjort.