Close

Praktikant

Mann mot natur

I morgonsøvnen høyrde eg fin musikk. Det var ein stare som kvitra seg inn i draumen. Nokre forsiktige lydar. Lyse tonar med lett vibrato. Sakte bygde maestro opp symfonien med eit crescendo. Men brått viste kunstnaren sitt sanne andlet. Gauken av ein stare fann ut at han skulle etterlikne ei […]

Read More

Kva gjer vi med tida?

Dette året har gått fort, seier dei. Det var nettopp januar, og no er det snart mai. I mai er det straks juli, og så er det nyttår. Og på onsdag er det så godt som helg. Det var det same i fjor. I år er det skotår. Godt vaksne […]

Read More

Å kike inn vindauge

Eg ligg på magen og stirar ned i eit isfiskehol, vindauget til ei anna verd. Øyra fangar berre lyden av min eigen pust, som ikkje doggar på glaset. Der nede er det mørkt, men eg kan skimte rørsle. Fiskane lagar skuggespel rundt krok og makk, og eg ligg på fremste rad. […]

Read More

Risikoen for å treffe folk

Lås ytterdøra, for med brua kjem rølpen seg til fastlandet. Når ingen kan sjå han på ferja og åtvare dei lokale heltane, rekk han både drikke og slåst. Det er best å passe seg for framande. Ein kan risikere å treffe folk. Eitt av dei mest populære programma på NRK […]

Read More

Kven kan rope høgast?

Klokka fem fekk eg lov å kople meg på internett ein halvtimes tid. Om tante Inger fekk opptekesignal då ho ringde hustelefonen, fekk far kvile middag i fred. No er eg vaksen og trådlaus. Mobilen har grodd fast, og i handa finst heile verda og meir til. Konsentrasjonen krympar støtt, […]

Read More

Språket gjer meg sterkare

Nokre gongar når eg set meg ned og skal skrive, må eg byrje dei første linjene på bokmål. Akkurat slik som ein norsk artist vel å synge dei djupaste kjærleikslåtar på engelsk, må også eg framandgjere meg litt frå språket mitt. Berre for å kome i gang. Då kjennast det […]

Read More

Dit folk kjem for å døy

Eg har vakse opp ved fjorden på Sunnmøre. På Stranda. Eg veit ikkje heilt når eg begynte å hate plassen eg var frå. Kanskje halvvegs inn i ein Tore Renberg-roman. For eg følte meg verkeleg som Jarle Klepp då eg vandra gatelangs på Stranda med The Cure på øyret og […]

Read More

Oktoberknekken

Oktoberknekken er den tilstanden ein finn seg sjølv i dei første to, maks tre, vekene i oktober. Det er då alle rutinar bryt opp. Ein har vorte så komfortabel i kvardagen at ein gir slepp på dei stramme rammene ein har bygd opp. Når latteren i lokalet er lausare, og […]

Read More

Med lys i kortklipt hår

Heime hos meg har vi alltid feira Lucia. Med lussekattar laga etter alle kunstens reglar, og kvite kapper sydd av dei gamle gardinene på badet. Når kvelden kom, stod vi der med tindrande auge og song. Frå hus til hus gjekk vi og delte ut baksten vår. Den dag i […]

Read More

Språkleg sidesprang

For nokre år tilbake trudde ein kar frå Knarvik at han var komen til det punktet som kameratane hadde passert for lengst: at nynorsk ikkje var kult lenger, bokmål er best og trass alt eit språk alle forstår. At Bergen og bokmålet sluker strilane og omlandet var ikkje berre ein […]

Read More