Close

Snorre Standish Norheim

Dessertmelding

Bystyret tok ein pause frå saksbehandlinga under årets siste samling i rådhuset, for å ete dessert i Førdehuset, og det gjorde eg òg. KrF, Venstre og MdG åt risgraut med jordbærsaus, det same gjorde eg, og vi likte det alle saman. Ap-folka supa kaffi og forsynte seg av ananasbrus og julebrus, […]

Read More

Guide over alle korrespondentane i Urix

Korrespondentane rattar flaggskipet til NRK, utanriksavdelinga, med stødig hand. Vi som følgjer sendingane fast, som det var ein spenningsserie, lærer korrespondentane godt å kjenne. Her – ein kort gjennomgang, som om vi rangerte idrettsutøvarar: Hege Moe Eriksen er ei stjerne, som ein gong lærte meg korrelasjonen mellom stolne handlevogner og økonomisk […]

Read More

Blekksprut-mayday

Nest etter antibiotikaresistens og eit knippe andre farar, er blekksprutar mi største frykt. Dette trugsmålet er større enn kva ein lekmann kanskje skulle tru: Åtte slangar samla i éin hjerne, ein skrott med tre hjarte som pumpar blått kongeblod, gjev grunn til seriøs uro. Beista har trekt seg i heildekkjande kamuflasjedrakter, […]

Read More

På gjennomreise i vest

Å dumpe ned i Førde sentrum har vore planen sidan mars, og etter kvart er eg kommen til at denne planen held mål, og vel så det. Eg er komfortabel med han. Med laurdagsutgåva er den første veka over, og kanskje er vi no på veg opp Hafstadkleiva; i alle fall […]

Read More