Close

Guide over alle korrespondentane i Urix

Del innlegg

Korrespondentane rattar flaggskipet til NRK, utanriksavdelinga, med stødig hand. Vi som følgjer sendingane fast, som det var ein spenningsserie, lærer korrespondentane godt å kjenne. Her – ein kort gjennomgang, som om vi rangerte idrettsutøvarar: Hege Moe Eriksen er ei stjerne, som ein gong lærte meg korrelasjonen mellom stolne handlevogner og økonomisk nedgang, med sin gode reportasje frå Marseille.

Ho er min nummer 1, men har slutta. Kven overtek førsteplassen? Arvtakaren i Brussel, Philip Lote, har lite hår, ser alltid muggen ut, men er til å lite på. Det er nett dei eigenskapane Morten Jentoft, i Moska, også har. Like eins med Arnt Stefansen i Brasil, som med si lause tilknyting til NRK, er mest som ein 11. korpsmedlem å rekne. Espen Aas kunne ha hamna i same keisame kategorien, men dei som verdset den tørre humoren hans, ville aldri finne på å bruke det mot han.

Duoen i Washington D.C. er som natt og dag: Gro Holm er fødd sakleg, medan Tove Bjørgaas gjerne fyk til obskure Vermont, for å dekkje nokon som er fullt ut samd med henne. I Tyrkia leverer den fabelaktige Sidsel Wold ein straum av personlege og gode saker – eit godt føredøme! I Nairobi, i Kenya, deler eit ektepar på jobben. Visst er dei flinke korrespondentar, men slett ikkje strålande, som Moe Eriksen.

Kristin Solberg i Midtausten har det same tungsinnet som forgjengaren, den glitrande Sigurd Falkenberg Mikelsen, kanskje fordi ho arbeider med den same syriske misèren. Likevel er stjernepotensialet større her enn hjå den tysklandbaserte Guri Norstrøm, som nok er flink, men ikkje ein toppkandidat. Guri er ei aning for keisam til å verte nummer 1. Lysluggen i Asia, Peter Svaar, imponerte då han nyleg, med kritisk blikk, eksponerte dei uhøflege reisevanane til kinesiske turistar. Han har lært av Espen Aas, eit fornøyeleg reisebrev!

Men – eg har kasta av meg tvilen: ho kan ikkje erstattast. Eg gler meg til dagen Hege Moe Eriksen er tilbake i manesjen, på link frå Brussel.