Close

2016: Året på skeiva

Del innlegg

2016 syng på siste verset. Det skjønar ein når ein ikkje lenger ensar oppkava jolehandlarar eller den femte nyheitssaka om at det ikkje vert ei kvit jol likevel. Meininga er vel å sjå framover, men det går ikkje heilt utan å sjå tilbake, så mykje tull og fanteri som 2016 har halde på med.

For 2016 er året der Prince og David Bowie så plutseleg døydde. Dei var menn føre si tid, og ikkje var vi klare for å gi slepp på dei. 2016 er også året bølla vi gjorde uhemma narr av, Donald, vart vald til president. Ein uføreseieleg hissigpropp bak styret i verdas supermakt, vart ein realitet. 2016 har ikkje akkurat gjort seg tent til julegåver.

Verda lèt til å vere meir på skeiva. Apropos skeiv, så er 2016 året ungdomsserien Skam skapte internasjonal furore. Eit vanleg kjærleiksforhold mellom to gutar, utspelt på TV, har gjort verda litt mindre firkanta. Noko fint kan du heldigvis vise til, 2016!

På heimebane har det også skjedd store ting. 2016 vil bli hugsa som året far min byrja å vere grei med katten. Tidlegare drapstruslar er bytt ut med koseprat – til kattens store skepsis, sjølvsagt. Er det rart eg tenker at verda er snudd opp ned?

2016 har ikkje vore beskjeden med å overraske. I haust starta eg som nynorskpraktikant i Firda. I byrjinga var det mykje knoting for bergensaren i nynorskskogen. «ar»-endingar vart nytta på alle moglege verb, medan eg håpte på det beste. Ivar Aasen ville neppe vore overtydd. Men med tida starta orda å flyte. Snart vil dei til og med kanskje fosse. Bokmål har måtta vike for nynorsken, og vert med det sparka på hovudet ut av 2016.

Det har vore eit turbulent forhold med deg, 2016. Motbakkar og høgdepunkt om kvarandre. Men det handlar kanskje om kva vi vel å fokusere på. Vanskelege opplevingar kan trass alt løfte dei gode opplevingane høgare. Klarar vi til og med å lære av det vi ikkje synest noko særleg om, gjer vi kanskje ikkje dei same tabbane igjen.

Då ser 2017 med eitt mykje meir lovande ut.

God jol, og godt NYTTår!