Close

No vel eg kortreist

Del innlegg

Eg er smitta av den farlege reisebasillen i eit land der det ikkje skortar på moglegheiter. På leit etter den rette vegen har eg virra eventyrlysten rundt i verdsdelar og nytta fleire avstikkarar enn det som kanskje er normalt. No har eg, trass alt, landa som ein fortumla innbyggar i denne vesle byen. Eksotisk er ikkje alltid synonymt med langreist. For meg er det eksotiske nett no å vera her i Førde.

Eg har prøvesmakt skorpionar, sett hjelpelause nordmenn danse salsa, pådrege meg trassige afrikanske lus i barnehagar og løyst kryssord med sherpaar. «Virringa» har halde fram i eit fagleg lys gjennom bistandslinje på folkehøgskule, feltarbeid og årsstudium i Interkulturell forståing. Saman har desse erfaringane gitt meg eit meir granskande blikk på verda. Dette vil eg gjerne brukte aktivt – med ein blyant eller eit tastatur i handa.

Blyanten er kvesst og eg skal endeleg realisere ønsket om å skrive nynorsk, noko eg som ung og dum ikkje valde som målform då eg kunne. Takka vere mor si standhaftige abonnering på Vest-Telemark blad og ein notis om Nynorsk avissenter sitt prosjekt, hamna eg her.

No ser eg vegen tydeleg. Praktikant-kvardagen i Firda vil by på ein sunn dose utfordringar og rettleiing, der endeplassen kan vere god journalistikk. Eg går for kortreist denne gongen, lar reisefoten kvile og strekker meg etter nye spennande mål. Og Førde ser ut til å vere ein overraskande fin haldeplass.