Close

Mannen på gata

Del innlegg

Eg merka han først ikkje, der eg sykla i full fart frå jobb med stemmer syngande i øyro. Ventande heime var sofaen og kanskje ein snål dokumentar, gøymd unna det kvardagslege køyret. Eg trødde fort. Ikledd dei mentale skylappane mine passerte eg buskar, folk og hundar. Denne behagelege bobla vart plutseleg avbroten. Oppstilt på fortauet, slo ein kar armane ut til sida og jubla «Ha ein fortreffeleg dag!». Du kan tru eg skvatt. Ikkje berre av helsinga, men også av den hyggelege tonen. Slikt er ikkje vanleg!

Fortumla klarte eg så vidt å halde sykkelstyret rett veg og eg nærmast skreik eit «du også!» tilbake. Ropinga var mykje grunna stemmene i hovudet (musikken altså), og for å dekke over mi eiga overrasking. Eg fauk vidare på sykkelen, og den trivelege mannen fortsette sin veg. Nokre få sekund med oppbrot farga ein elles grå kvardag.

Å seie kva som er viktig i livet er å bevege seg inn i eit klisjéfylt landskap, så eg trør varsamt. Men det er noko med dei små augneblikka: Ein laus prat på bussen. Når ungar trippar av glede. Eit smil. Eg vil tru mannen på gata er kjend for fleire i Førde. Han vandrar langs vegen og held ikkje att på korkje ord eller miner. Det kan vere fint med noko annleis som bryt dei finurlege normene våre.

Den vesle hendinga vart ei påminning om å ikkje la normer styre alt ein gjer. Er ein uoppmerksam kan ein gå glipp av potensielt spanande ting i omgjevnadene. Neste gong eg sat bak sykkelstyret kom mannen gåande igjen. Skylappane var av, eg stoppa musikken og vi fekk ei hyggeleg ordveksling. Smilet sat laust, og det var smittsamt. Eit plutseleg smil frå ei anna som gjekk gatelangs. Og så ein til. Eg vart nesten litt forundra.

Eg meiner ikkje at ein burde stoppe kvar gong ein møter nokon og slå ut med armane – det hadde tatt seg ut! Men eit smil her og der skadar vel ingen? Skulle ein til naud nesten skremme ein syklist av sykkelen får ein seg i tillegg ein god latter. Og slikt er viktig, spør du meg.