I Firda i dag les vi om ei innvandrarkvinne som har budd i Førde i 13 år utan å våge å kalle seg førdianar. Kvifor? Fordi ho vel å bruke skaut. Her er det noko som ikkje stemmer. Eg trur ikkje at heile Førde er rasistisk. Eg trur ikkje ein gong […]
Read More
«Ja, alt vi sat og sydde,» seier mor mi. «Sydde om og la ut … Du skulle sett den dressen eg sydde te bror din, den va also so fin, og so mykje arbei!» Skal ein tru utvalet på loftet var 70-talet den siste store sytida. Då var klede dyre og […]
Read More
Det er når ein trur ein kjenner noko at ein verkeleg vert overraska. – Så no har du flytta heim att, ja, korleis går det, får eg høyre. Jau, det går vel bra, kva elles, tenker eg og undrast over kva motparten ventar eg skal seie. – Klarar du deg […]
Read More
På veg heim frå London i sommar braut eg lova på det grovaste. Tryggingskontrollen på flyplassen kontakta politiet. Pulsslaga hamra i meg. Eg spurde om dei kunne gløyme heile greia og eg krympa meg for å stå fram som ei forsvarslaus, lita jente. I ein halv augeblink tenkte eg på å […]
Read More
I dag ramla innbydinga ned i postkassa. Duftande av potpurri og med duse pastellar på glansa ark. Venninna mi har funne sin utvalde. Ho skal gifte seg med ei kvinne. Det er i slike høve, det svir litt. Her sit eg, åleine og singel som aldri før, mens kulden set inn […]
Read More
Etter at eg busette meg i Førde, slost eg kvar dag. Motstandaren min slukar alt. Det er meg mot søppelbøtta. Motvillig, slepp eg plastbegeret ned i det store gapet. Eg kjenner det knyt seg, medan samvit og frustrasjon, pirkar meg heilt inn i beinmergen. Sjampo, frukt, ja det meste, kjem […]
Read More
Eg har høyrd lovord om eksotisk natur i Sogn og Fjordane. For å vera heilt ærleg, så trudde eg at det heile var litt opphausa. Som hallingdøl veit eg kva fjell er. Der har eg boltra meg sidan eg var småjente. Seinare har eg søkt fjell i Afrika, for å […]
Read More
Har du nokon gong tenkt på kva signal du sender når du snakkar? Éin ting er kva du seier med munnen, ein anna ting er kva du seier med resten av kroppen. Sjå på fingrane for eksempel. Tommelen blir brukt til å vise om noko er bra eller dårleg. Om du attpåtil […]
Read More
Klikk, klakk. Eit par høghæla sko går mot talarstolen. Sett vekk frå lyden av hælane er det heilt stille. Ein kan kjenne energien i rommet endre seg idet dei nærmar seg. Alle held pusten og ventar i spaning på kva som kjem. Klikk, klakk. Det er merkeleg kor mykje makt lydar […]
Read More
Det er ikkje få gangar eg har ledd litt av Førde som er så stolte av bystatusen sin. Ein by med knappe 12 000 menneske, kan det stemme? Kvar er det dei har fått denne bystatusen frå? Etter å ha budd her i nokre månadar har eg innsett ein ting. Det […]
Read More