Close

Med livet som innsats

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Etter at eg busette meg i Førde, slost eg kvar dag. Motstandaren min slukar alt. Det er meg mot søppelbøtta. Motvillig, slepp eg plastbegeret ned i det store gapet. Eg kjenner det knyt seg, medan samvit og frustrasjon, pirkar meg heilt inn i beinmergen.

Sjampo, frukt, ja det meste, kjem innpakka i plast. Også i eit Førde utan returpunkt for plastikk. Einaste moglegheit, om ein har bil, er å levere plasten i Hesjedalen. Det gjer det greitt for folk flest å la vere. For det har jo ikkje noko å seie?

Som del av den såkalla «Kunnskapsgenerasjonen», held ikkje dette. Sjølv om landet har vorte betre på gjenbruk, er plastproduksjon og bruk berre aukande. Mesteparten av plasten som er laga sidan plastrevolusjonen på 60-talet, finst framleis. Om ikkje den er brent og gjort om til luftforureining. Plast er ikkje nedbrytbart i naturen, men blir liggande til skade for dyr, fuglar og fisk. Meir trøblete blir det ettersom eg dukkar vidare ned i debatten. Plast inneheld attpåtil miljøgifter. Gift som skader forplantningsemne, arvestoff, er kreftframkallande og kva ikkje. Greitt, plast er styggedom. Men tek eg med meg all denne informasjonen, blir det grueleg vanskeleg i kvardagen.

Som vareprodusent, har ein eit ansvar. Korleis kan ein pakke maten vi et, regnklede og dusjforheng full av gift som påverkar meg, mine framtidige born og resten av verda?

Det er lett å gløyme at eg som forbrukar òg har makt. Makt til å setje krav, og til å velje produsentar som nyttar nedbrytbare alternativ og plast som let seg vinne att. Ja, for det finst, og plasten er merka! Kvar gong eg vel eller vel bort noko frå butikkhylla, er eg med å bestemmer kva produkt som skal vere på marknaden. Vala vi tek, kvar og enkelt av oss er viktige. Det nyttar ikkje klage på at det ikkje hjelper, om ein ikkje startar sjølv. Det er farleg å leve, og vi gjer det med livet som innsats.

Kor farleg vi gjer det, er opp til oss.