Close

Natur på steroidar

Del innlegg

Eg har høyrd lovord om eksotisk natur i Sogn og Fjordane. For å vera heilt ærleg, så trudde eg at det heile var litt opphausa. Som hallingdøl veit eg kva fjell er. Der har eg boltra meg sidan eg var småjente. Seinare har eg søkt fjell i Afrika, for å oppnå same kjensla av ro, perspektiv og intens glede.

Vel over Hemsedalsfjellet, endrar alt seg. Naturen er som på steroidar. Villare, vakrare og frodigare, skyt toppane i været. Nokre er kledd i sin venaste isbreprakt mens steingrunnen sprekk opp og gjev plass til mangfoldige fjordarmar. Det er mest som eg kan høyre landskapet synge «Å Vestland, Vestland…», og eg føler kva poeten meiner.

Nokre timar seinare, går eg på fyrste tur opp Hafstadkleiva i Førde, lukkeleg uvitande om kva som ligg framfor meg i den tåkekledde bergsida. Eg kan berre gløyme å springe, men gjer det likevel for å korte ned nokre av bakkane. Eg stoppar opp for å puste, nyte blåbær, utsikta og å slå av ein prat med møtande. Halvvegs opp grusstigen har senene bak knea vorte for korte. Eg fortsett på både to og fire, gjennom steinrøys, gjørme og myr til eg endeleg når toppen. Det stoppar ikkje der. Energien berre stig. Eg flyt nedover dalsida og kjenner meg som den hoppande haren i Revenka. Heile nedturen er nettopp oppturen. Alle tankar om slit forsvinn. På nytt lærer naturen meg at eg ikkje kan ta noko for gitt.

Naturen er levande, den tek meg til nye plassar og gjev meg aldri det eg ventar, men heller det eg treng.