Close

Saman i sytråd

Del innlegg

«Ja, alt vi sat og sydde,» seier mor mi. «Sydde om og la ut … Du skulle sett den dressen eg sydde te bror din, den va also so fin, og so mykje arbei!»

Skal ein tru utvalet på loftet var 70-talet den siste store sytida. Då var klede dyre og eige arbeid mykje verd.

«Å, vi sydde mykje, men ikkje sånn so mor mi so sat dar med handsymaskin so ho sveiva i lampelys og sydde me svarte trå …» fortel ho med eit mykjeseiande sukk.

Eg førestiller meg ei dame eg har sett på gamle bilete sitje bøygd og mysande over små nåler i stundene mellom gardsarbeid i bratte lier, kaffikverna mor mi vakna til kvar morgon og songdikting til festlege lag.

Så rulla verda vidare, og landet og folket flotna på olje og billeg import. Kva verdi har vel ei synål i eit oljeland? Her er vi komne lenger, her treng vi ikkje bøte ein einaste sokk, dei har jo nye på butikken, og så billeg!

Eg er eit barn av mi tid. Eg har symaskinsertifikat frå ungdomsskulen, men det stoppar der. Eg har aldri sydd i ei bot, langt mindre bøtt bøtene, noko dei visst nok gjorde ofte før i tida.

I mi tid vert eg opplærd til å tenkje at tida mi er for verdifull for slikt plukk: Kvifor skal eg sy når ungane i Bangladesh kan gjere det? Kleda kostar meg så få kroner at eg gløymer at nokon har sydd dei, gløymer at klede kostar like mykje i arbeid no som før, og at verdien av kvart plagg er like høg. Dei sydde ikkje for moro skuld før i tida. Ungane i Bangladesh gjer det truleg ikkje for leiken sin del dei heller.

Difor vil eg lære å sy, som mor mi og mor hennar før ho. Sytråden skal sameine oss, knyte oss saman gjennom tidene som skil oss, og den skal lære meg kva kleda mine eigentleg er verd.