Close

Spring for livet

Del innlegg

På veg heim frå London i sommar braut eg lova på det grovaste. Tryggingskontrollen på flyplassen kontakta politiet. Pulsslaga hamra i meg. Eg spurde om dei kunne gløyme heile greia og eg krympa meg for å stå fram som ei forsvarslaus, lita jente.

I ein halv augeblink tenkte eg på å springe. Komme meg inn i dragsuget av avgangshallen, for å forsvinne i mengda. Så kjem eg på at eg nett måtte gi frå meg både pass og billett. Lydig set eg meg ned på benken for kriminelle og ventar på utfallet.

Eg mista verktøyet som gav, i alle fall litt, tryggleik og vern når eg er ute på eventyr åleine.

Peparsprayen som eg gløymde å ta ut av handveska, var ulovleg.

Det er fredag og nærmar seg midnatt. Eg er dødssliten og ser fram til frihelga her i Førde. Med rå vilje dreg eg kadaveret av ein kropp opp frå sofaen. Det hjelper å gå ein luftetur. Då kjennest alt som regel betre.
Eg har så vidt komme til Esso-stasjonen i sentrum før eg får auge på ein sjanglande middelaldrande mann. Eg styrer unna så eg ikkje treng å komme i nærkontakt. Han går i motsett retning, bort frå dit eg skal. Eg anar fred og ingen fare.

Eg er midt på gangbrua då eg oppdagar at mannen kjem etter i raskt tempo. Framleis er eg roleg. Eg snur meg i det eg er over brua. Mannen har begynt å springe. Fort. Eg får lettare panikk i den mørke og folketomme parken. Magekjensla gir direkte beskjed til beina om å setje fart. Brennkvikt. Eg beinflyg gjennom klatrestativa, snublar over noko som eg oppdagar er nystøypt og stoppar ikkje før eg er oppe på bilvegen. Eg ser ikkje mannen lenger, men fortar meg heim.

Kanskje ville han meg ikkje vondt. Kanskje ville han berre komme seg raskt heim. Eg veit eg er miljøskadd etter åra i Sør-Afrika. Der sprang eg mykje. På sett og vis føler eg meg dum. Eg bur jo i trygge Førde. Likevel tek eg ikkje sjansen. Eg har mista mitt einaste våpen; peparsprayen ligg ikkje lenger i lomma. Eg må bruke panna, stole på eigne instinkt og bruke beina for å komme meg ut av situasjonar som kan gå gale.

Fordi verda er farleg, og ein veit aldri.