Close

By vs. «by»

Del innlegg

Det er ikkje få gangar eg har ledd litt av Førde som er så stolte av bystatusen sin. Ein by med knappe 12 000 menneske, kan det stemme? Kvar er det dei har fått denne bystatusen frå?
Etter å ha budd her i nokre månadar har eg innsett ein ting. Det er ikkje talet menneske som bur her som gjer Førde til ein by, det er korleis ein brukar byen.

Eg flytta frå Halden i august i år. Halden er ein by med over 30 000 innbyggarar og har eit ganske stort areal. Likevel er gågata og sentera folketomme etter at klokka har passert fire. Kvar er alle menneska? Er dei heime og et middag? Leikar med ungane? Nei, realiteten er nok at dei aller fleste har tatt turen over grensa for å handle dagens kvote. Ein pakke med snus, ein kartong med røyk og kanskje eit brett eller to med øl. Og kanskje ein ekstra person i bilen for å fylle deira kvote òg. Haldensarane vil heller betale avgift for å ta seg over grensa og handle enn å nytte seg av sine eigne ressursar, og samtidig redde dei lokale bedriftene.

Då eg kom til Halden, i 2010, var allereie gågata byrja å døy. Då eg reiste, i 2013, var det diskusjonar om å fjerne gågata og lage bilveg i staden for. Det var trass alt ingen som brukte ho.

Her i Førde finst det ikkje noko gågate. Men det er ikkje gågata som skal definere ein by. Og ikkje kor mange som bur der. Det er menneska som skal vere den avgjerande faktoren.

Mitt inntrykk er at menneska i Førde er opptekne av å nytte seg av det byen har å tilby. Om det er bystien opp til Hafstadkleiva, kjøpesentera i sentrum eller daglegvarebutikkane utanfor byen. I Førde er ein sjeldaåleine. På ein god måte. Og ikkje bli overraska om nokon vil slå av ein prat.

Det er menneska som gjer Førde til ein By med stor B.

Og sist, men ikkje minst: Trafikklysa.