Close

Åleine på kino

Del innlegg

Dei aller fleste vil ha selskap, anten det er ein mann, ei dame, ein katt eller ein hund. Då eg var 16 hadde eg ein vennegjeng som gjorde opp for at eg ikkje hadde kjærast. No når eg nærmar meg trettiåra byrjar det å bli tynna ut i singelrekkjene og eg brukar meir tid åleine enn med venner. Eg har ikkje hund eingong.

Kvar gong eg møter nokon eg ikkje har prata med på ei stund er det fyrste spørsmålet alltid: «Korleis går det med kjærleiken?» Er det slik ein målar lykke? Om ein har nokon å komme heim til er alt bra?

Ikkje finst det så mange singelaktivitetar heller. Å gå på kino åleine er rart, å gå tur på kvelden er uaktuelt, å gå ut på byen åleine er å be om bråk. Men er det ikkje på tide at vi utfordrar normene?

Eg vil jo på kino! Eg vil ikkje sitje åleine heime på kvelden og synest synd på meg sjølv fordi alle venene mine er opptekne med sine betre halvdelar. Eg vil kjøpe ei bøtte med popkorn utan å bli trist fordi eg ikkje har nokon å dele den med.

Eg vil gå tur på kvelden utan å vere redd for at det sit nokon bak ei busk, klar til å ta meg.

Eg vil ete taco og kose meg utan å føle at det ikkje smakar like godt når ein et åleine.
Eg vil kjøpe ein pakke med Fjordland kjøttkaker utan at dama i kassen ser medfølande på meg.

Å vere singel er tabu. Ein skal jo helst vere gift innan ein er 26 og ha 2,5 born før ein er tretti. Ein skal helst ha karriere og vere husmordraum i tillegg. Eg er allereie godt bak skjema. Er det ikkje på tide at vi utfordrar desse syna? Det vil iallfall eg.

Dei neste vekene er planen min å gå på kino. Heilt åleine. Eg skal forhåpentlegvis sjå ein film som er hylande morosam, og eg skal hyle saman med resten av publikum.