Close

Kjell Åsmund Sunde

Gut (8) møtte maskin

I 1977 sa Ken Olson, sjef for eit større IT-selskap i USA dei velvalde orda: «Det er ingen grunn til at nokon skulle ønske å ha ei datamaskin i heimen». Han tok grundig feil. I dag er datamaskina ein like sentral del av husstaden som toalettpapiret. Samstundes er det tankevekkande […]

Read More

Person utan fjes

Vi går på butikken for å handle. Møter nokon vi kjenner og snakkar om laust og fast. Ler saman av dårlige vitsar. Inviterer på besøk, snakkar om neste gong vi skal ete middag hos kvarandre. Fortel korleis det går med ryggplagene og eldste dottera som har flytta til byen. Medan […]

Read More

Basar på bygdehuset

Det er basar på bygdehuset. Sveler blir steikt i eit forrykande tempo. Eimen av kaffi ligg som eit teppe av tåregass. Latteren ljomar i veggane som eit fjell som lagar ekko av alt det som blir fortalt. Kvar og ein deler seg sjølv med bygda. Gamle Gunn sit saman med […]

Read More

Oppskrift på livet

Ingrediensar: Kjøt, tankar, jobb, fritid, kjærleik, familie, pengar, sorg, glede, innsikt, utsikt, død og diverse krydder. Forarbeid: Byrjinga av prosessen er ikkje særleg lett å styre. Her er andre kokkar enn deg sjølv som tek kontroll. La desse kokkane tilsette ingrediensar i 0–18 år. Ta delvis over styringa undervegs, men ikkje ta […]

Read More

Potetåkeren

Dette er historia om potetåkeren. Ein svært gammal ein. Bøndene har sådd og hausta her lenger enn nokon kan hugse. Ingen av bøndene er samde om kva tid åkeren oppstod, men alle har eigne forklaringar. Kven, kva, kvar, kvifor, spør dei seg og viser fram gamle bøker som bevis på […]

Read More