Close

Oppskrift på livet

Del innlegg

Ingrediensar: Kjøt, tankar, jobb, fritid, kjærleik, familie, pengar, sorg, glede, innsikt, utsikt, død og diverse krydder.

Forarbeid: Byrjinga av prosessen er ikkje særleg lett å styre. Her er andre kokkar enn deg sjølv som tek kontroll. La desse kokkane tilsette ingrediensar i 0–18 år. Ta delvis over styringa undervegs, men ikkje ta på deg for mykje av kokkearbeidet før du føler deg trygg ved grytene. Familie og vener er viktige ingrediensar i den innleiande fasen. Gryta vil begynne å boble med tankar etter kvart som fleire ingrediensar kjem til. Forarbeidet er essensielt for at vidare arbeid skal gå smertefritt.

Koking: No er du kjøkkensjefen. Likevel bør du vere open for tips frå meir røynde kokkar. Ta ein dash interesser, ein desiliter jobb, to kilo fritid og rør det saman i gryta. Skru opp varmen til det småkokar, men la det for all del ikkje brenne seg fast i botnen. Smak til med kjærleik, sorg og gleder. Pass på å halde det ryddig på kjøkkenet. Hugs at det blir dyrt med oppvaskhjelp om det er for mykje rot.

Servering: Dander retten på ein tallerken og server. Appetittvekking er eit nøkkelord. La kvar ingrediens prege tallerkenen, men ikkje pøs på med for mykje. Det kan resultere i at middagsgjestene blir kvalme eller nektar å ete opp. For lite er heller ikkje bra. Ein må by fram ei tilstrekkeleg mengd av seg sjølv. Ver varsam med saus, det kan fort bli grautete. Topp retten med eit knippe kjærleik og medkjensle.

Konservering: Om det blir restar er det fleire måtar å oppbevare desse. Ein kan legge dei i frysaren. Der held dei seg godt, men blir fort gløymt. Ein kan og hermetisere, men faren med det er at det kan komme til nye ingrediensar som til dømes einsemd. Det beste alternativet er kjøleskapet. Ein blir sett vekk for ein periode, men det er kort veg tilbake til middagsbordet. Restemat er ein favoritt for mange.

Bon appetitt!