Du er geograf, sa du? Då kan du kanskje fortelje meg kva hovudstaden i Kasakhstan heiter? Eller kanskje den nest høgste fjelltoppen i Sogn og Fjordane? Kva er forresten elva med størst vassføring i verda? Nei, ikkje den lengste. Dette er spørsmål eg ofte møter når eg presenterer meg. Her skal eg […]
Read More
Eg er 31 år, voks opp i ein fredeleg middelklasseheim og gjekk ut frå ungdomsskulen med karakterar over gjennomsnittet. Likevel har eg ikkje høgare utdanning. Dei einaste studiepoenga eg har, har eg fordi eg trong studielånet til å finansiere andre prosjekt eg sjølv syns var viktigare. Eg okkuperte hus og laga […]
Read More
Eg var redd det kom til å bli vanskeleg. At møtet med klikkjournalistikken ville gjere meg til ei sur gammal tante som helst ville sitje i ein mørk krok og skrive med fjøyrpenn og pergament for brevduelevering. Internettet veks til himmels på umiddelbare tilbakemeldingar. Kvart trykk du som lesar gjer vert […]
Read More
«Røyst på Ivar Aasen i VG si kåring av dei 100 mest viktige nordmennene.» Den Facebook-ansvarlege i Noregs Mållag gjer som det er forventa av han når han oppfordrar oss til å røyste på nynorsksjefen i kåringa til bokmålsbastionen VG. Men det er jo berre tull. Sjølvsagt er ikkje Ivar […]
Read More
I førre veke var eg i Askvoll for å dekke eit kommunestyremøte. På veg utover gjekk det opp for meg: Om eg følger med på alt som skjer utanfor bilvindauget, får eg sjå Distrikts-Norge i eit nøtteskal. Kranglane, sigrane, tapa, heile pakken. Bli med på tur! Vi startar i Førde. Fylkessenteret. […]
Read More
Eg hadde det med å velje søndagar som reisedag då eg skulle tilbake til Bergen til eit nytt semester. Det var om å gjere å skvise mest mogleg ut av sunnmørssommaren før ein ny teori- og kaffitung haust i Bergen. Denne augustdagen hadde eg billett frå Vigra lufthamn i staden for […]
Read More
Eg er den framande. «Utfylkingen». Innflyttaren. Dei andre praktikantane i vårens kull har du kanskje høyrt om før. Dei er frå Askvoll, Førde og Jølster. Men eg er eit utskrive blad for dei fleste Firda-lesarar. Eg kjem flyttande, men ikkje langvegs frå. I studietida har eg gjort meg til bergensbuar, men […]
Read More
I Firda i dag les vi om ei innvandrarkvinne som har budd i Førde i 13 år utan å våge å kalle seg førdianar. Kvifor? Fordi ho vel å bruke skaut. Her er det noko som ikkje stemmer. Eg trur ikkje at heile Førde er rasistisk. Eg trur ikkje ein gong […]
Read More
«Ja, alt vi sat og sydde,» seier mor mi. «Sydde om og la ut … Du skulle sett den dressen eg sydde te bror din, den va also so fin, og so mykje arbei!» Skal ein tru utvalet på loftet var 70-talet den siste store sytida. Då var klede dyre og […]
Read More
Det er når ein trur ein kjenner noko at ein verkeleg vert overraska. – Så no har du flytta heim att, ja, korleis går det, får eg høyre. Jau, det går vel bra, kva elles, tenker eg og undrast over kva motparten ventar eg skal seie. – Klarar du deg […]
Read More