Close

Heller enkelt og effektivt enn koseleg og kronglete

Del innlegg

Eg hadde det med å velje søndagar som reisedag då eg skulle tilbake til Bergen til eit nytt semester. Det var om å gjere å skvise mest mogleg ut av sunnmørssommaren før ein ny teori- og kaffitung haust i Bergen.

Denne augustdagen hadde eg billett frå Vigra lufthamn i staden for Ørsta-Volda, sjølv om sistnemnde er det desiderte førstevalet etter at fastlandssambandet kom.
Sidan det var søndag og for ein gongs skuld ikkje var sørvest kuling, 9 grader og regn, tenkte eg og foreldra mine å kombinere turen til flyplassen med å ete middag i Ålesund.

Det var eit trist syn som møtte oss. Alle dei utmerkte fiskerestaurantane på begge sider av Brosundet heldt stengt søndagar. Vi enda opp med pizzabuffet på Egon.
Sentrum av Ålesund er vakkert, men stein daudt. Så lenge det ikkje er ein festival av eitt eller anna slag, eller eit cruiseskip på besøk, er gatene nær sagt folketomme.

Årsaka er ikkje vanskeleg å finne. Kjøpesenteret på Moa er mellom landets største og altfor stort for ein by som Ålesund og eit omland som Sunnmøre. Og no kjem der Ikea-varehus òg. I Bergen er ikkje stoda mykje betre. Sentrum er i live enno, men det er fordi det blir berga av turisme og studentar. Dei fleste handlar helst i Lagunen eller Åsane. Det er berre å godta det, vi vel helst det enkle og effektive framfor det koselege og kronglete. Om valet står mellom koseleg julehandel i eit Bergen sentrum med pissregn og mangel på parkeringsplass, eller effektiv handel med parkeringshus i Lagunen, er valet enkelt for dei fleste.

Førde står på mange måtar på trappene til å bli «skikkeleg» by. Nokre nyfødde, nokre arbeidsinnvandrarar og nokre trafikklys til, så er de der. Då gjeld det at de førdianarar får til å skape ein by som er enkel, effektiv og koseleg, men ikkje kronglete. Då skal de iallfall ikkje la dykk inspirere av dei næraste bynaboane i sør og nord.

Om de gjer det, endar de fort opp med å ta mange søndagsmiddagar på Egon på Brulandsvellene i framtida.