Close

Det sa klikk med ein gong

Del innlegg

Eg var redd det kom til å bli vanskeleg. At møtet med klikkjournalistikken ville gjere meg til ei sur gammal tante som helst ville sitje i ein mørk krok og skrive med fjøyrpenn og pergament for brevduelevering.
Internettet veks til himmels på umiddelbare tilbakemeldingar. Kvart trykk du som lesar gjer vert registrert, og tilgjengeleg for oss i same augneblink du aktiverer peikefingeren din. Justisen er både knallhard og eintydig: oversikta på klikkteljaren Firda nyttar syner dei ti meste leste sakene på firda.no siste døgnet.

Nettet gjer det lettare å finne saka sitt fulle potensial, lærer vi. Ei god sak vert lest. Men kva er ei god sak? Kva les vi? Kor mange gongar klikkar vi for å unngå å gjere det vi eigentleg skulle? Kor mykje bidreg nettaviser til å redusere effektiviteten på andre arbeidsplassar? Har vi som skriv ansvar for lesaren sin sjølvdisiplin?
Kva gjer klikktala med oss? Eg slit allereie med ein temmeleg tidkrevjande facebookavhengigheit. Antal likes utgjer ein vesentleg del av denne. Kor mykje tid skal eg bruke på å sørge for at nettsakene mine får mest mogleg klikk?

Sjølvsagt veit eg at nettet er større enn dette til og med mykje meir intelligent enn det gjer seg ut for å vere. Det er liten tvil om at nettet er kome for å bli. Men tyder det at vi skal legge oss flate? Fortener ikkje nettlesarar same krav til kvalitet og innhald som papirlesarar? Det vil eg gjerne teste.

Så får eg heller leve med kjerringa som sit i kroken og skular på meg med brevdueblikket sitt.