Eg likar jobben min som gardsjente, det er gjevande å jobbe med dyr og stelle fint med dei, sjølv om eg veit at lagnaden deira er å hamne på middagsbordet ditt. Hausten er tida for dette. Høgt til fjells. Sanking, og så slakting. På Nortura sine nettsider les eg ut […]
Read More
Eg forstår det ikkje. Småbornsforeldre. Er dei i det heile menneske? For nokre år tilbake kjende eg meg heilt klar. For ikkje å snakke om at tida mi rann ut! Eg var 23 år. I dag er eg 27 år, og har ikkje nok armar og bein til å gjere […]
Read More
Kikcoff! Neidå, avspark er sjølvsagt ordet eg er ute etter. Vekk med ruskete SMS-språk og engelske erstatningsord. Ser de noko av dette gjenta seg hos meg dei neste seks månadane, skal de få lov å ta meg på det. Dette er avsparket mot eit nytt tilvære. Beiteskifte, etter nesten seks […]
Read More
Arbeidslivet er det sterkaste sosiale limet. Ikkje at det er laga av gamle øk. Heller det Aasmund Olavsson Vinje kalla «størkna mannesvette» – hardt arbeid og som regel litt moro. Arbeidslivet er noko som angår alle, anten ein står innanfor eller utanfor. Det kan samle folk, men det kan også […]
Read More
Rommet er mørkt. Ansiktet ditt ligg bada i det blå lyset frå dataskjermen. Du veltar deg i sofaen, eller kanskje senga, mens episode etter episode av «Friends» går uavbrote framfor dei blodskotne auga dine. Kjenner du godt etter, kan du kjenne hjernecellene dine døy i jamn og stødig fart. Kjenner […]
Read More
Eit indianarkostyme har fått mykje merksemd den siste tida. Debatten har gått i om det er greitt at finansministeren kledde seg ut som ein indianar på kostymefest i Finansdepartementet. Uskuldig moro eller simpelt tjuveri av kulturen til eit urfolk? Debatten er på mange måtar typisk for både landet vårt og […]
Read More
Ein tidleg morgon denne veka høyrde eg ei forbanna Liv Signe Navarsete på radioen. Ho kjefta opp Arbeidarpartiets representant, fordi forsvaret må leige og ikkje kjøpe stridsvogner i det nye forsvarsforliket. Eg kjente litt sommarfuglar i magen. På ungdomsskulen las eg sjølvbiografien til Eva Joly. Det var ei historie om […]
Read More
Eg tapte eit veddemål. Eg har ein tendens til å tape veddemål. Retting: Eg har ein tendens til å inngå komplett idiotiske veddemål, med oddsen imot meg. Eg hoppa frå ei klippe. Ifrå ei tre meter høg klippe i håp om å rekke bort til bjørketreet som stod to meter […]
Read More
Det er mykje å irritere seg over i livet. Trafikken i Sunnfjord, til dømes. Er det noko som held ein sunnfjording vaken om natta, må det vere at han framleis står fast i trafikkork i Førde sentrum etter arbeidsdagen. Eg har vanskeleg for å forstå korleis trafikken i Førde kvar […]
Read More
Ein gong kvart halvår samlar det seg ein flokk høge hælar, vinflasker og latter i ei stove i Sunnhordland. Mange av hælane har reist frå dei store byane i Norge, medan nokre kjem frå nabobygda, men alle har den same dialekta. Temaet er ofte ein gjengangar. Kroppspresset gir alle mageverk. […]
Read More