Close

Ein invalid gamblar

Del innlegg

Eg tapte eit veddemål. Eg har ein tendens til å tape veddemål. Retting: Eg har ein tendens til å inngå komplett idiotiske veddemål, med oddsen imot meg.

Eg hoppa frå ei klippe. Ifrå ei tre meter høg klippe i håp om å rekke bort til bjørketreet som stod to meter ut frå klippa. Kvifor? Kompisane vedda på at eg ikkje torde. Snartenkt? Nei. Berre tøff i trynet. Skulle vere ein av «gutta». Korleis det gjekk? Vart invalid i åtte månadar, og arra for livet etter ein ryggoperasjon som følge av veddemålet. Kva som var det verste? Å bomme på treet, eller å leve som ein krøpling i åtte månadar? Ingen av delane. Latteren til kompisane då eg ikkje trefte treet, og dei vann veddemålet.

«De er soldatar, ikkje apekattar», ljoma det på oppstilling. Kompanisjefen var ganske forbanna då han tala framfor hundre soldatar. Men talen vart retta mot ein person, den minste personen i heile kompaniet. Meg. «Slike veddemål går sjeldan bra», sa han. «Eg har lært det», svara eg snurt.

Etter eitt år og åtte månadar var det gløymt. «Skal vi vedde om kven som vinn kampen?» , spurde ein sportsjournalist. Greitt! Sjølv om motparten kunne alle frisparka i eliteserien på rams, var det femti prosent sjanse for at Sogndal og eg vann veddemålet. «Kva veddar vi?» Eit bad i Førdefjorden. Fader. Om eg trekker meg? Nei. Eg skal vere like mykje mann som den breiskuldra og brautande sportsjournalisten. Schulze bomma på straffe, eg måtte ta straffa.

Korleis det gjekk? Du kan sjå det på firda.no. Det er ei våt og kald sak. Kva som var det verste? Å måtte bade mellom isflaka, eller stille opp i Firda med vinterfargen og -feittet i badedrakt? Ingen av delane. Latteren til den brautande sportsjournalisten, då han vann veddemålet.

Kvifor eg ikkje lærer, veit eg ikkje. Kanskje eg prøver å kompensere for dei ekstra centimeterane med luft over hovudet. Eller kanskje har eg berre vore uheldig? Garantert. Eg hadde jo praktisk talt tak i bjørketreet. Og straffa til Schulze må ha blitt tatt av vinden. Uflaksen må vere brukt opp snart. Neste veddemål vinn eg. Då blir det eg som ler. Vi kan godt vedde om det.