Close

Første dag for kull 16

Del innlegg

Det var berre å kle seg godt for omvising i Førde sentrum på ettermiddagen måndag 4. januar.

Gradestokken kraup nedover mot ti minus då kull 16 skulle ut og vandre gatelangs på sin første dag i Nynorsk avissenter. Severine Jarnes, Bjørn Sølsnæs, Hanna Torsdotter Husabø og Kristiane Nerdrum Bøgwald fekk eit kaldt møte med Sunnfjord, men ein tilsvarande varm velkomst innandørs. Praktikantane vart tatt imot med opne armar i Firda og avissenteret. Klemmen må derimot vente.

Beskjeden frå regjering og FHI om skjerpa retningslinjer får sine naturlege følgjer for planlagde aktivitetar. Dette vert likevel tatt sporty, i alle fall tolka ut frå dei gjensidige forventningane som vart utveksla første dagen.

Her kan du lese meir om dei fire praktikantane i kull 16:
https://www.nynorskavissenter.no/2020/11/07/dette-er-kull-16/