Close

Nokre kjem, andre går

Firda-redaktør Kai Aage Pedersen (t.h.) takkar Frode og Marie for årelang innsats.

Del innlegg

Når Firda-redaksjonen møtest til første kvardagen i det nye året, er det utan Marie Havnen og Frode Grimelid på laget. Dei tar begge ein pause frå mediebransjen frå årsskiftet.

Frode Grimelid var praktikant i Nynorsk avissenter våren 2014 – i kull 2 av dei 15 så langt. Sidan har han arbeidd som journalist i Firda i så godt som alle år fram til han sluttar ved inngangen til 2021. I mange av desse åra har Frode vore mentor og kurshaldar for stadig nye praktikantar.

Marie Havnen kom til Firda som journalist i 2010. Som kollega, konstituert redaktør og no sist som utviklingsredaktør har Marie tatt seg godt av praktikantane. Både Frode og Marie har raust delt av sin kunnskap, og Nynorsk avissenter vil sakne dei. Samtidig ønskjer vi dei lykke til i nye posisjonar i Førde, Marie i Lotteri- og stiftelsestilsynet og Frode i eigedomsselskapet Skudeløken AS.