Close

Del innlegg

24 timar i døgnet er ikkje nok. Hadde eg hatt 12 timar til slik totalen blei 36 skulle eg vore nøgd.

Det blei sagt at overgangen frå arbeidsdagen som student til journalist ville vere hard, det var eg førebudd på. Ingen sa noko om timane som forsvinn.

24 timar i eitt døgn, sju til søvn, åtte til arbeid. Då står det att ni timar i døgnet, men som alle før meg har lært må datamaskinen fiksast, bilen må på reperasjon, mathandel på butikken, pendling til og frå alle stadar eg skal. Smular er også brød.

Difor har det vore eit kultursjokk å kome til Førde. Eg var innstilt på at Sunnfjord og Sunnmøre skulle vere like, men på eitt område er dei som dag og natt.

Tida går like raskt i Sunnfjord som elles i verda, men sunnfjordingar har likevel meir av den. Det er som om alle er i feriemodus. Eg kan for første gong kjenne på korleis kelnerane på restaurantar i Spania har det, når dei spring fram og tilbake mellom bord for å ta bestillingar frå treige nordmenn på ferietur, medan dette er deira mest intense arbeidsdag.

Det største sjokket kom på butikken. Eg stod med ein full matkorg, for eg fyller alltid opp matkorga når eg handlar slik eg sparar tid på å gjere det sjeldnare, og såg minutta rase frå meg. Eg hadde hatt ei treningsøkt om morgonen, jobba heile dagen, og skulle no ordne inn råvarene for sju dagar. Tida gjekk frå meg. Eg kjente eg kom til å få knapt med tid til å lage den gode, sunne middagen, ta meg tid til vennar, ringe familien, og å lese den boka eg ikkje hadde hatt tid til tidlegare i veka. Då eg la første varen på rullebandet såg eg ein mann med dagens avis bak meg. For å hjelpe han å få det meste ut av dagen sin spurte eg han om han ville gå framfor meg, han hadde trass alt berre ein vare.

Han svarte, «Neida, eg har god tid».

Av Peder Skjelten